Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Løyve for persontransport med motorvogn eller fartøy i rute

Løyve for persontransport med motorvogn eller fartøy i rute gir løyvehavar rett og plikt til å drive ruteverksemd på bestemte vilkår på ei eller fleire ruter, eller i eit avgrensa område.  Søknad om ruteløyve er behovsprøvd, noko som mellom anna inneber at talet på løyver er underlagt politisk vurdering.

Møre og Romsdal fylkeskommune er løyvestyresmakt når det gjeld søknad om ruteløyve internt i  fylket, fylkeskommunen er også løyvestyresmakt for fylkesoverskridande ruteløyver dersom løyvesøkjar har forretningsadresse i Møre og Romsdal (jfr rundskriv N-3/2006). Vegdirektoratet er løyvestyresmakt for riksvegferjer.

Den som søkjer om ruteløyve må innfri krav til;

Fagleg kvalifikasjon*

Kravet dokumenterast med attestert kopi av vitnemål frå fullført teoretisk løyveutdanning, godkjent av Samferdselsdepartementet jmf. rundskriv N-1/2008).

For søkjarar som ikkje har gjennomført løyveutdanninga, men som har anna relevant utdanning, kurs og/eller praksis, kan kravet til fagleg kvalifikasjon oppfyllast gjennom å få utført ei realkompetansevurdering, i Møre og Romsdal blir slik vurdering utført ved kompetansesentera ved Borgund vidaregåande skole og Kristiansund vidaregåande skole.

* Kravet til fagleg kvalifikasjon gjeld ikkje for persontransport med fartøy i rute

Økonomi

Kravet til økonomi skal dokumenterast med firmaattest og konkursattest (begge frå Brønnøysundregistra), attest frå kommunekasserar på at det ikkje er restansar på arbeidsgivaravgift og attest frå skatteetaten på at det ikkje er restansar på innbetaling av meirverdiavgift.

Om det blir søkt om løyve for persontransport med fartøy i rute, må det i tillegg leggast fram økonomisk garanti. Det skal stillast garanti for talet på fartøy som blir nytta i rutedrifta. Når det gjeld ruteløyve for motorvogn er slike garantiar knytt opp i mot turvognløyva (jmf. rundskriva N-2/2005 og N-2/2014).

Vandel

Kravet dokumenterast med politiattest i original.

Ingen attestar skal vere over tre månader gamle.

For nærare om krava til fagleg kvalifikasjon, økonomi og vandel syner vi til §§ 6, 7 og 8 i Yrkestransportforskrifta

Vi gjer merksam på at den som blir tildelt løyve for persontransport med motorvogn i rute også må ha turvognløyve før ruteverksemd kan starte, for sist nemnde løyvetype er Statens vegvesen løyvestyresmakt.

Kort om prosessen rundt løyvesakshandsaminga av ruteløyver i Møre og Romsdal:

Søknad om ruteløyve skal sendast Møre og Romsdal fylkeskommune v/samferdselsavdelinga, Fylkeshuset, 6404 Molde.

Søknad skal innehalde dokumentasjon på at søkjar fyller krava til fagleg kvalifikasjon, økonomi og vandel. I tillegg skal søknaden også innehalde forslag til ruteplan og takstar. Søkjar må vidare opplyse kva transportmiddel som er tenkt nytta i drifta samt korleis desse er utforma i høve miljø og universell utforming.

Før søknaden blir handsama av fylkeskommunen blir han sendt  aktuelle kommunar og andre relevante etatar/aktørar til fråsegn, eventuelle innspel frå desse blir teke med i saksførebuinga.

Etter at fristen for å kome med fråsegn til søknaden er ute, førebur samferdselsavdelinga eiga sak som blir lagt fram for fylkeskommunen sitt politiske utval for samferdselssaker for avgjerd.

Vi gjer merksam på at vedtak om tildeling av ruteløyve kan påklagast av part eller annan med rettsleg klageinteresse.

Med bakgrunn i prosessen rundt handsaminga av ruteløyva (fråsegn, politisk handsaming m.v.) må søkjar rekne med at det kan ta to til tre månader før det vil ligge føre vedtak i slike saker.

Det skal betalst handsamingsgebyr til den fylkeskommunen som handsamer søknaden om ruteløyve, (jfr § 12 i Yrkestransportforskrifta).