Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Selskapsvognløyve

Selskapsvognløyve, løyve som gir innehaveren rett til å drive persontransport med motorvogn registrert for høyst åtte sitteplasser i tillegg til førersetet.  Som selskapsvogn må bare brukes eksklusivt materiell godkjent av løyvemyndigheten.

I §4 i Samferdselsdepartementet si Yrkestransportlov (iverksett frå 01 01 03) heiter det:
 
(1)  Den som mot vederlag vil drive persontransport med motorvogn må ha løyve.  Det same gjeld den som utfører persontransport mot vederlag på liknade måte som drosje når tilbodet om transport vert retta mot offentleg plass.
 
(2)Løyve kan tildelast den som har
 
  a)god vandel,
  b)tilfredsstillande økonomisk evne og
  c)tilstrekkjeleg fagleg kompetanse.  
 
Etter Forskrift om yrkestransport med motorvogn innenlands med motorvogn eller fartøy (yrkestransportforskrifta) gjeld følgjande vilkår for å få løyve:
 
Politiattest, §6 i forskrifta.
•Garantierklæring (kr 84 000,-) frå bank, §7 i forskrifta.
•Fagleg kompetanse gjennom vitnemål frå eksamen frå ein av departementet godkjente teoretisk opplæring, eller er tildelt drosjeløyve, §8 i forskrifta.
Ved søknad om selskapsvognløyve, skal søknaden vere vedlagt politiattest, tilsegn om garantierklæring på kr 84 000,-, attest frå kommunekasserar, skattefuten i Møre og Romsdal og stadfesting frå konkursregisteret.  Attestane skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Det er først når vedtak om tildeling av drosjeløyve er gjort, at løyvehavar skal leggje fram garantierklæring.  Vedtaket blir gjort under føresetnad av at vedkomande kan leggje fram slik garantierklæring innan ein bestemt frist.  Denne fristen blir nærare fastsett etter at klagefristen er gått ut, slik at eventuell(e) klage(r) er avgjort.   
 
Søkere med løyveutdanning for person- og godstransport basert på VK I transportfag er fagleg kvalifisert for alle løyvekategoriar.  Taxiløyvekurset er godkjent løyveutdanning for drosje, selskapsvogn og transport for funksjonshemma.  
 
Selskapsvognløyve gjev innehavar rett til å drive persontransport med motorvogn registrert for høgst 8 sitjeplassar i tillegg til førarsetet.  Som selskapsvogn må berre nyttast eksklusivt materiell som blir halde i den beste stand.  Vogna sin standard skal vere godkjent av fylkeskommunen.  Motorvognas registreringsnummer skal skrivast på løyvedokumentet.
 
Verksemda skal drivast frå den staden som er fastsett i løyvet.
 
Løyvehavar kan berre utføre oppdrag som tilseier at transporten starter, går gjennom eller sluttar i vedkomande sitt løyvedistrikt (……….. kommune).
 
Selskapsvogntransport kan berre utførast etter tinging frå ein einskild oppdragsgjevar.
 
Gjeld søknaden løyve som skal utøvast frå bustad, må søknaden (eller vedlegg til denne) gje nøyaktige opplysningar om kvar De er busett.  Dersom De skal kunne tildelast det ledige løyvet, må De vere busett på den staden eller i det området som går fram av utlysinga av løyvet.  Eventuelt må De vere viljug til å flytte dit.

Kontaktpersonar

Jan Eirik Søraas Jan Eirik Søraas
Rådgivar
71 28 02 80 /
Mob. 95 92 03 31
Send e-post

Søknadsskjema - selskapsvognløyve

Ledig selskapsvognløyve

Selskapsvognløyve april 2018