Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tannhelse

Årsrapport 2018 for tannhelsetenesta

I 2018 var totalt 72 474 personar under tilsyn i den offentlege tannhelsetenesta. Dette utgjer 27% av alle innbyggarane i fylket.

Les meir

Siste dag på distriktstannklinikken Spjelkavik

Den 6. desember i år hadde dei tilsette sin siste dag ved distriktstannklinikken Spjelkavik. No skal dei snart - saman med distriktstannklinikken Bjørgvin - flytte til den nye kompetanseklinikken i Ålesund som opnar 1. mars 2019. 

Les meir

Ålesund kompetanseklinikk opnar 1. mars 2019

      

Møre og Romsdal fylkeskommune har bygd fylkets største offentlege tannklinikk. Distriktstannklinikkane Bjørgvin og Spjelkavik slår seg saman og flyttar inn i nye lokale 1. mars i år. 

Les meir

Nyoppretta leiarstillingar ved kompetanseklinikkane i Molde og Ålesund

Vi lyser no ut klinikkleiarstillingar ved St. Carolus kompetanseklinikk i Molde og den planlagde Ålesund kompetanseklinikk. Søknadsfrist 24. juni.

Les meir

Årsrapport tannhelse 2017

Årsrapporten beskriv korleis fylkeskommunen løyste samfunnsoppdraget sitt på tannhelsefeltet i 2017.

Les meir

Samarbeid mellom tannhelsetenesta og barneverntenesta

Tannhelsetenesta kallar inn regelmessig alle barn frå 3 til 18 år, og har i samband med tannbehandling høve til å avdekke omsorgssvikt og overgrep. Tannhelsetenesta har meldeplikt til barnvernet, jfr. Helsepersonelloven §33: «Opplysninger til barneverntjenesten».

Les meir

Siv Lilleholt tilsett som overtannlege i Kristiansund kompetanseregion

Siv Lilleholt er tilsett som overtannlege i Kristiansund kompetanseregion etter at Bjørn Eggen går av med pensjon. Lilleholt tiltrer i stillinga i april. 

Les meir

Plan for beredskap og krisehandtering i tannhelsetenesta

Tannhelsetenesta har fått eigen plan for beredskap og krisehandtering. 

Les meir

Sukkerkampanjen hausten 2017

Sukkerinntaket i befolkninga er for høgt og barn og unge har det høgaste sukkerinntaket. Dei tre største kjeldene til sukker hos aldersgruppa 9-13 år er sukkerhaldig drikke, sjokolade/søtsaker og kaker. Haustens sukkerkampanje har fokus på denne aldersgruppa.

Les meir

Ledige stillingar i tannhelsetenesta

Vi har no ein overtannlegestilling, fem tannlegestillingar, eit vikariat som tannhelsesekretær og ein tannpleiarstilling ledig. 

Sjå meir informasjon her: http://mrfylke.no/Intranett/Tenesteomraade/Tannhelse/Ledige-stillingar

Les meir

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post

Om tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har 37 tannklinikkar fordelt på 34 kommunar.

Vi gir gratis tannhelsetenester til barn og ungdom 0-18 år, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og heimesjukepleie. I tillegg får 19-20 åringar tilbod om undersøking og tannbehandling til 25% av offentlege takstar.

Vi gir også tilbod om undersøking og tannbehandling for fengselsinnsette og personar i kommunal og statleg rusomsorg.

Klinikkane gir også tilbod til vaksne betalande pasientar.

Tannhelsetenesta er organisert i 4 kompetanseregionar, med ein overtannlege som er fagleg- og administrativ leiar i kvar region. Tannhelsetenesta har i underkant av 200 tilsette.