Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tannhelse

Regional delplan tannhelse til høyring og offentleg ettersyn

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok 27.5.13, sak U-68/13, med heimel i plan- og bygningslova §§ 5-2 og 8-3 å leggje framlegg til Regional delplan tannhelse til høyring. Høyringsfristen er 26. august 2013. Etter høyringsperioden skal planen leggast fram for vedtak i fylkestinget i oktober 2013.

Les meir

Regional delplan tannhelse i fylkesutvalet 27. mai

Fylkesutvalet skal behandle forslag til Regional delplan tannhelse i møte 27. mai.

Regional delplan tannhelse har eit perspektiv fram mot 2025 og er utvikla i spenningsfeltet mellom tradisjon og fornying. Planen gir ei analyse av forhold som er kritiske for ei bærekraftig offentleg tannhelseteneste i fylket, og inneheld ein tydeleg ambisjon om å vidareutvikle tannhelsetenesta til ein solid og kvalitetsorientert tenesteprodusent.

Etter fylkesutvalsbehandlinga blir planen lagt til høyring og offentleg ettersyn fram til 13. august.

Les meir

Kosthald, tannhelse og fysisk aktivitet

Sunne kosthaldsvanar, fysisk aktivitet og god tannhygiene i tidlege barneår er ikkje berre naudsynt for å ha overskot til lek og læring, men er vel så viktig for å førebygge helseproblem seinare i livet.

Les meir

Kompetansesatsing i tannhelsetenesta

Ny kompetanseplan for tannhelsetenesta lanserast i desse dagar, og kompetansebudsjettet for dei neste åra er styrka. 

- Vi gir eit tenestetilbod som krev høg og spesialisert kompetanse. Gjennom den nye kompetanseplanen set vi fokus på kompetansestyring, intern kunnskapsoverføring og samhandling, betre systematikk og evaluering av kompetansetiltak, seier fylkestannlege Anthony N. Valen. Han trur planen blir eit viktig strategisk verktøy for å utvikle riktig kompetanse i tråd med endra behov og auka krav til kvalitet på tenestene.

Les meir om “Plan for kompetanseutvikling i tannhelsetenesta – strategi, mål og rammer 2013-2014” i fylkestannlegens rundskriv 16/2012: https://mrfylke.no/Intranett/Tenesteomraade/Tannhelse/Rundskriv/2012/Rundskriv-16-2012-Plan-for-kompetanseutvikling-i-tannhelsetenesta-Strategi-maal-og-rammer-2013-2014

Les meir

Heim igjen som tannlege

Katrine Finholt i Eide er kjerringa mot straumen; som fersk utdanna tannlege frå Universitetet i Bergen vender ho no heim att til Eide og tek til som tannlege ved distriktstannklinikken i kommunen.

Les meir

- Tennene tilbake i kroppen

Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre ønskjer sterkare satsing på førebyggande tannhelsearbeid. 

Les meir

Tannhelse til folket

Tannpleierne ved distriktstannklinikken St. Carolus oppsøkte folk på kjøpesenteret for å informere om tannhelse og tannstell.

Les meir

Kantineundersøking i dei vidaregåande skulane

Tilgang på vatndispensar, sal av brus og elevane sine mulegheiter til å velje sunn mat i kantina er no kartlagt.

Les meir

Nettverksproblemer

Vi har hatt problemer med to servere, som førte til at brukere opplevde problemer med følgende applikasjoner: Notes, Internet Explorer 9, Mozilla Firefox og Office-pakken. Problemet er nå løst og vi håper det ikke skapte for store problemer for dere.

Les meir

Rosande omtale av nettverksmodellen

Visepresident Jørn Andre Jørgensen i Den norske tannlegeforening er full av lovord i omtalen av Tannhelsetjenestens kompetansesenter Midt-Norge (TkMN). 

Les meir

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post

Om tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har 37 tannklinikkar fordelt på 34 kommunar.

Vi gir gratis tannhelsetenester til barn og ungdom 0-18 år, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og heimesjukepleie. I tillegg får 19-20 åringar tilbod om undersøking og tannbehandling til 25% av offentlege takstar.

Vi gir også tilbod om undersøking og tannbehandling for fengselsinnsette og personar i kommunal og statleg rusomsorg.

Klinikkane gir også tilbod til vaksne betalande pasientar.

Tannhelsetenesta er organisert i 4 kompetanseregionar, med ein overtannlege som er fagleg- og administrativ leiar i kvar region. Tannhelsetenesta har i underkant av 200 tilsette.