Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Ålesund kompetanseklinikk opnar 1. mars 2019

Ålesund kompetanseklinikk opnar 1. mars 2019

      

Møre og Romsdal fylkeskommune har bygd fylkets største offentlege tannklinikk. Distriktstannklinikkane Bjørgvin og Spjelkavik slår seg saman og flyttar inn i nye lokale 1. mars i år. 

Foto: Plot Arkitekter 

Kompetanseklinikken, som er ein av landets største offentlege tannklinikkar, ligg i heilt nye og toppmoderne lokale i 5. etasje i nye Kremmergaarden - midt i Ålesund sentrum. Klinikken består av totalt 22 behandlingsrom. 

    

     

Tannhelsetilbodet oppretthaldast i flytteperioden

Alle pasientar som tidlegare har mottatt tannhelsetenester frå distriktstannklinikkane Bjørgvin og Spjelkavik vil frå 1. mars vere pasientar ved kompetanseklinikken. 

Klinikken i Spjelkavik stengde i desember i fjor. Pasientane vil i perioden fram til         1. mars få eit behandlingstilbod frå ein av dei andre offentlege tannklinikkane i regionen. Dei det gjeld vil få beskjed om dette i timeinnkallinga på SMS. 

Tannklinikken Bjørgvin vil halde opent fram til kompetanseklinikken står klar, og akuttilbodet i Ålesund oppretthaldast som i dag. 

Tilkomst til Ålesund kompetanseklinikk

Ålesund kompetanseklinikk har adresse Notenesgata 6, 6002 Ålesund. Inngangen til klinikken er mot Dronning Sonjas plass. Det er ikkje mogleg å ta seg til klinikken frå sjølve kjøpesenteret. 

Vi ønskjer å oppmode til at flest mogleg nyttar seg av kollektiv transport når dei skal besøke den nye kompetanseklinikken. Det er mange bussavganger som har stoppestad nært klinikken (til dømes Dronning Sonjas plass/ St. Olavs plass/ Rutebilstasjonen). Sjå fylkeskommunen sine nettsider for oppdaterte bussruter: https://www.frammr.no

Det finns òg fleire parkeringsmoglegheiter i nærleiken av klinikken:

  • Parkeringskjellaren i Kremmergaarden. Herfrå er det mogleg å ta heis rett opp til klinikken i 5. etasje. 
  • Parkeringsplassen ved St. Olavs plass ligg berre 2 minutt frå klinikken. Det er også fleire andre offentlege parkeringsplassar i sentrum som pasientar kan nytte seg av, mellom anna Aksla parkeringshus, Ålesund Storsenter parkering, Torghallen parkeringshus og elles anna gateparkering eller parkeringshus i Ålesund sentrum. 
  • I tillegg er det ei sone for av- og påstiging rett utanfor klinikken i Notenesgata. 

Vi minner om at parkering skjer for pasientane si eiga rekning. 

     

Vi er stolte av å snart kunne ønskje velkommen til oss i fylkets største offentlege tannklinikk! 

      

Ved spørsmål, ta kontakt med oss;

Distriktstannklinikken Bjørgvin
Besøksadresse: Fjellgt. 53, 6007 Ålesund 
E-post: tkalesund@mrfylke.no 
Telefon: 71 28 48 00

Fylkestannlegens kontor
Besøksadresse: Julsundvegen 11, 6412 Molde
E-post: fylkestannlegen@mrfylke.no  
Telefon: 71 28 03 00