Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Klage

Den offentlege tannhelsetenesta har eigne retningsliner for handsaming av klager som gjeld tilbod og behandling på offentleg tannklinikk. Føremålet er å sikre rettstryggleiken til pasienter og tilsette, samt å førebygge seinare klager.

Ei klage skal som hovudregel rettast til den tannklinikken/tilsette som det vert klaga på. Ei avgjerd her kan ein anke til overtannlegen i distriktet, og overtannlegen si avgjerd kan ein anke til fylkestannlegen. Fylkestannlegen si avgjerd kan ein anke til fylkesutvalet eller til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, avhengig av kva klaga gjeld.  

Klage på privatpraktiserande tannlegar vert ikkje behandla av Den offentlege tannhelsetenesta/fylkestannlegen. Klagen bør i første hand rettast til vedkomande tannlege. Om det ikkje vert oppnådd semje, kan klagen rettast til klagenemnda i den lokale tannlegeforeninga eller til Fylkesmannen.  

Klagenemnd for Nordmøre og Romsdal tannlegeforening: 
Fredrik Ahlgren
Ellen Cecilie Brunstad

Klagenemnd for Sunnmøre tannlegeforening: 
Marie Granmo, tlf. 70125622, marie7marie7@gmail.com
Terje Myklebust, myklebustterje@gmail.com
Hallvard Nødtvedt, nasehoinn@yahoo.no  

 

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post