Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Vi treng fleire dyktige medarbeidarar!

      

Fullstendig utlysingstekst og søknadsskjema finn du her.

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad via vår søknadsportal

 

Stilling

Klinikk

Kontaktperson

Søknadsfrist 

 Tannlege      
100% fast stilling DTK Surnadal Overtannlege i Kristiansund kompetanseregion, Siv Lilleholt, tlf.: 71 28 45 74/ 959 62 546 11.08.2019
Tannhelsesekretær      
100% fast stilling DTK Kristiansund Overtannlege i Kristiansund kompetanseregion, Siv Lilleholt, tlf.: 71 28 45 74 11.08.2019
100% fast stilling Ålesund kompetanseklinikk Overtannlege i Ålesund kompetanseregion, Are Kristofer Hjeltnes, tlf. 71 28 48 00 11.08.2019
       
Psykolog, TOO      
20% fast stilling Den offentlege tannhelsetenesta Overtannlege Tone Nord, tlf. 71 28 46 00 11.08.2019

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har 37 tannklinikkar i 34 av dei 36 kommunane i fylket, og skal syte for hjelp til heile befolkninga som bur eller mellombels oppheld seg i fylket. Vi gir gratis tannhelsetenester til barn og ungdom 0-18 år, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og heimesjukepleie. I tillegg får 19-20 åringar tilbod om undersøking og tannbehandling til 25% av offentlege takstar. Vi gir også tilbod om undersøking og tannbehandling for fengselsinnsette og personar i kommunal og statleg rusomsorg. Klinikkane gir også tilbod til vaksne betalande pasientar.

Tannhelsetenesta er organisert i 4 kompetanseregionar, med ein overtannlege som er fagleg- og administrativ leiar i kvar region. Tannhelsetenesta har i underkant av 200 tilsette. 

Vi jobbar målretta med å rekruttere og behalde godt kvalifisert personell. Kompetanseutvikling av medarbeidarane er eit viktig satsingsområde i arbeidsgivarpolitikken.

Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår for nye medarbeidarar:

  • Arbeidsgivarpolitikk med satsing på leiarar og medarbeidarar for vekst og utvikling av best mulige tenester.
  • Introduksjonsprogram. 
  • Leiarutviklingsprogram
  • Gjennomgåande høg standard på klinikkane.
  • Journalprogrammet OPUS og Romexis røntgen ved alle våre klinikker.
  • Det kan bli gitt høve til auka klinisk verksemd, alternativt er det på visse vilkår høve til å leige klinikken til privat praksis utanom ordinær arbeidstid.
  • Ryddige fylkeskommunale tilsettingsvilkår.
  • Medlemskap i KLP med god tenestepensjon og gode forsikringsvilkår.
  • Gunstige lånevilkår gjennom KLP.

Fullstendig utlysingstekst og søknadsskjema finn du her.

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.

Kontaktpersonar

Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post
Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post

Ein tydeleg medspelar

Møre og Romsdal fylkeskommunen har regionalpolitisk ansvar for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Vårt unike samfunnsoppdrag gir meiningsfulle og utviklande arbeidsplassar.

Vår felles visjon er ”Ein tydeleg medspelar”. Vi vil vere tydelege medspelarar på vegne av fellesskapet i regionen, profesjonelle i alt vi gjer, fagretta, utviklingsorienterte og med tydeleg respekt for samfunnsoppdraget vi er gitt.

Om å jobbe i den offentlege tannhelsetenesta

"Som arbeidstakar i fylkeskommunen blir du også del av eit større fagleg nettverk med høg kompetanse. Du har gode kolleger og mulegheit for karriereutvikling innad i organisasjonen. Du får ein trygg og meningsfull arbeidsplass, med spennande og varierte oppgåver !"

Les meir her.