Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Nyoppretta leiarstillingar ved kompetanseklinikkane i Molde og Ålesund

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post
Tone Nord
Overtannlege
71 28 46 00 /
Mob. 954 68 500
Send e-post
Are Kristofer Hjeltnes Are Kristofer Hjeltnes
Overtannlege
71 28 48 60
Send e-post

Nyoppretta leiarstillingar ved kompetanseklinikkane i Molde og Ålesund

Vi lyser no ut klinikkleiarstillingar ved St. Carolus kompetanseklinikk i Molde og den planlagde Ålesund kompetanseklinikk. Søknadsfrist 24. juni.

Ålesund kompetanseklinikk får sentral plassering i moderne lokale i Kremmergården i Ålesund sentrum.

Fylkestannlegen ønskjer ei samkøyring av tilsettingsprosessane, og tek sikte på å gjennomføre intervju med aktuelle kandidatar i begge leiarstillingane i veke 26.

Klinikkleiarane vil få faglege og administrative leiaroppgåver med personalansvar for medarbeidarane på klinikken. Stillingane er kombinert med klinisk verksemd. Klinikkleiarane vil rapportere til overtannlegen i kompetanseregionen.

Heile utlysingsteksten er tilgjengeleg her.

Etablering av kompetanseklinikkar

Gjennom Regional delplan tannhelse vedtatt i fylkestinget i 2013 er det tatt avgjerd om å utvikle større fagmiljø i robuste kompetanseeiningar i alle delar av fylket. Frå 2016 er tannhelsetenesta organisert i fire kompetanseregionar på Nordmøre, i Romsdal, i Ålesundsregionen/Sunnmøre og på Søre Sunnmøre. Modellen inneber at kvar region får ein kompetanseklinikk som skal tilby spisskompetanse og moderne behandlingsteknologi. Kompetanseklinikkane blir viktige for å sikre rekruttering av fagpersonell og bidra til stabilitet i tenestetilbodet i heile regionen.

St. Carolus kompetanseklinikken i Molde kompetanseregion er etablert, kompetanseklinikken i Ålesund kompetanseregion er under bygging og vil stå driftsklar i mars 2019. Funksjonsprogram for kompetanseklinikk i Kristiansund kompetanseregion er utarbeidd, med tanke på realisering i 2022/2023. Kompetanseklinikk på Søre Sunnmøre vil bli etablert i Ørsta, samlokalisert med ny Ørsta VGS.