Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Opning av Ålesund kompetansetannklinikk

Opning av Ålesund kompetansetannklinikk

Tysdag 7. mai opna vi fylkets største offentlege tannklinikk i Ålesund. Den nye klinikken har erstatta dei tidligare distriktstannklinikkane Bjørgvin og Spjelkavik.

Klinikken vart opna av fylkesordførar Jon Aasen.

Kompetanseklinikken, som er ein av landets største offentlege tannklinikkar, ligg i heilt nye og toppmoderne lokale i 5. etasje i nye Kremmergaarden - midt i Ålesund sentrum. Klinikken er på heile 1500 m² og inneheld totalt 22 behandlingsrom.

 

Tilkomst til Ålesund kompetanseklinikk

Ålesund kompetanseklinikk har adresse Notenesgata 6, 6002 Ålesund. Inngangen til klinikken er mot Dronning Sonjas plass. Det er ikkje mogleg å ta seg til klinikken frå sjølve kjøpesenteret. 

Vi ønskjer å oppmode til at flest mogleg nyttar seg av kollektiv transport når dei skal besøke den nye kompetanseklinikken. Det er mange bussavganger som har stoppestad nært klinikken (til dømes Dronning Sonjas plass/ St. Olavs plass/ Rutebilstasjonen). Sjå fylkeskommunen sine nettsider for oppdaterte bussruter.

Det finns òg fleire parkeringsmoglegheiter i nærleiken av klinikken:

  • Parkeringskjellaren i Kremmergaarden. Herfrå er det mogleg å ta heis rett opp til klinikken i 5. etasje. 
  • Parkeringsplassen ved St. Olavs plass ligg berre 2 minutt frå klinikken. Det er også fleire andre offentlege parkeringsplassar i sentrum som pasientar kan nytte seg av, mellom anna Aksla parkeringshus, Ålesund Storsenter parkering, Torghallen parkeringshus og elles anna gateparkering eller parkeringshus i Ålesund sentrum. 
  • I tillegg er det ei sone for av- og påstiging rett utanfor klinikken i Notenesgata. 

Vi minner om at parkering skjer for pasientane si eiga rekning.

 

Her kan du sjå filklipp frå opninga:

 

Her kan du sjå intervju med klinikkleiar Are Kristoffer Hjeltnes: