Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Plan for beredskap og krisehandtering i tannhelsetenesta

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post

Dokument

Varslingsplan tannhelsetenesta
PDF-dokument - 213,81 kB

Plan for beredskap og krisehandtering i tannhelsetenesta

Tannhelsetenesta har fått eigen plan for beredskap og krisehandtering. 

Målet med beredskapsplanarbeidet er ei førebyggande, effektiv og god krisehandtering. Planen byggjer på fylkeskommunens overordna beredskapsplan og er tilpassa tannhelsetenesta sin organisering og tenestestruktur.

Med krise forstår vi ei hending eller forhold som kan forårsake alvorleg skade på menneske, miljø og uerstattelege verdiar og/eller svekke organisasjonen sin evne til å utføre viktige funksjonar. Beredskap er å planlegge og førebu tiltak for å avgrense eller handtere kriser eller andre uønska hendingar på ein best mogleg måte.

Planen har primært leiarnivåa i tannhelsetenesta som målgruppe, og beskriv

  • beredskapsprinsipp, organisering, ansvars- og rollefordeling ved aktuelle beredskapssituasjonar
  • prinsipp og praktisk tilnærming til varsling, handtering og oppfølging av kriser og ulykkeshendingar
  • innsatsplanar for ulike typar krisesituasjonar med tilhøyrande oppgåvefordeling for nøkkelpersonell som skal handtere hendinga

Det er alle medarbeidarar sitt ansvar å vise aktsemd, og melde frå om alvorlege hendingar eller situasjonar som kan utvikle seg til å bli alvorlege. Det er betre å varsle ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Beredskapsplanen og varslingsplanen kan lastast ned frå høgremenyen.

Varslingsplan tannhelse

Varslingsplan