Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Samarbeid mellom tannhelsetenesta og barneverntenesta

Kontaktpersonar

Inger  Holmeset Inger Holmeset
Rådgivar
71 28 01 97 /
Mob. 922 94 900
Send e-post

Samarbeid mellom tannhelsetenesta og barneverntenesta

Tannhelsetenesta kallar inn regelmessig alle barn frå 3 til 18 år, og har i samband med tannbehandling høve til å avdekke omsorgssvikt og overgrep. Tannhelsetenesta har meldeplikt til barnvernet, jfr. Helsepersonelloven §33: «Opplysninger til barneverntjenesten».

Det er utarbeidd samarbeidsrutinar og ein mal for samarbeidsatale mellom tannhelsetenesta og barneverntenesta.

Målet for samarbeidet er å:
• Etablere gode rutinar mellom tannhelsetenesta og barneverntenesta for å kunne avdekke omsorgssvikt hos barn og unge
• Styrke den faglege tryggleiken ved meldeplikt
• Sikre gode rutinar slik at barnet sine rettigheiter og integritet blir ivaretatt
• Sikre eit godt tverrfagleg samarbeid og auke kompetansen på begge tenestenivå

Informasjonsbrosjyre og nye brevmalar

Brosjyren «Samarbeid mellom barneverntenesta og den offentlege tannhelsetenesta» er ferdig utarbeidd og ligg saman med relevant informasjon tilgjengeleg på intranett og internett (for kommunane og eksterne samarbeidspartar). Brosjyren inneheld rutinar for oppfølging av pasientar som ikkje møter, om bekymringsmelding og om opplysningsplikt til barnevernet ved mistanke om at pasienten vert utsett for vald/omsorgsvikt. Brosjyren viser også til  aktuelle lover og føringar, samt samarbeidsavtalen med ansvarsfordeling.

I samband med nye rutinar for å sende «ikkje møtt»-brev til føresette og pasient, og rutinar for å sende bekymringsmeldinger til barnevernet, er det lagt inn 3 nye «ikkje-møtt brev»  i Opus.

Ikkje møtt brev 1 erstattar brevet som har vore brukt før ved første gongs ikkje møtt.

Ikkje møtt brev 2, til føresette for pasientar under 16 år, og ikkje møtt brev for pasientar 16-18 år, finn de under dokumenthåndteringssystem – standard.

Brosjyren, samarbeidsavtalen og to skjema for bekymringsmeldingar til barneverntenesta er tilgjengeleg for nedlasting på intranett: https://mrfylke.no/Intranett/Fagavdelingar/Tannhelse/Folkehelse-og-samhandling/Barnevernstenesta

Brosjyren ligg også tilgjengeleg på internett: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Tannhelse/Folkehelse-og-samhandling/Barnevernstenesta

Kva skjer vidare ?

Målgruppa for informasjonen er både barneverntenesta og tannhelsetenesta. Fylkestannlegen sender brev til kommunane om samarbeidsrutinane og at vi ønskjer ei formell samarbeidsavtale. Kopi av brevet blir sendt klinikkleiar.

Vi ber klinikkleiar/overtannlege om å invitere leiar/ansvarleg i barneverntenesta i sitt distrikt/kommune til eit møte for ein gjennomgang av samarbeidsrutinane omtalt i brosjyren og for signering av  samarbeidsavtalen. Då det ofte er tannpleiaren som har recall og ser denne pasientgruppa jamt, blir det tilrådd å ta med tannpleiaren på møtet.

Innhaldet i informasjonsbrosjyren har vore tema på regionmøter i perioden desember 2017 - februar 2018.