Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Siste dag på distriktstannklinikken Spjelkavik

Siste dag på distriktstannklinikken Spjelkavik

Den 6. desember i år hadde dei tilsette sin siste dag ved distriktstannklinikken Spjelkavik. No skal dei snart - saman med distriktstannklinikken Bjørgvin - flytte til den nye kompetanseklinikken i Ålesund som opnar 1. mars 2019. 

Ein motivert gjeng beståande av alle dei tilsette ved distriktstannklinikken Spjelkavik har den siste tida jobba med å pakke ned heile klinikken, og i førre uke deltok alle i det dei sjøl kalla eit gigantisk flyttesjau. 

Dei har kjeldesortert, pakka, rydda og kasta alt av papir, utstyr og møblar. Ikkje uventa er det mykje som har hopa seg opp i løpet av dei 47 åra klinikken har vore i drift. Mykje av utstyret har blitt gitt bort til andre klinikkar, noko blir sendt til Nepal via ei lokal nødhjelpssending og ein del gjekk til Norsk Gjenvinning. 

Den siste flyttedagen - ein milepel for mange - blei avslutta med ein velfortent pizzafest. No får dei tilsette andre midlertidige arbeidsplassar ein liten periode, men dei gler seg til storslått gjenforeining ved den nye kompetanseklinikken i Ålesund 1. mars 2019! 

Ved spørsmål, ta kontakt: 

Distriktstannklinikken Bjørgvin
Besøksadresse: Fjellgt. 53, 6007 Ålesund
E-post: tkalesund@mrfylke.no 
Telefon: 71 28 48 00

Fylkestannlegens kontor
Besøksadresse: Julsundvegen 11, 6412 Molde
E-post: fylkestannlegen@mrfylke.no 
Telefon: 71 28 03 00