Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Siv Lilleholt tilsett som overtannlege i Kristiansund kompetanseregion

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Siv Lilleholt
Overtannlege
71 28 45 70
Send e-post

Siv Lilleholt tilsett som overtannlege i Kristiansund kompetanseregion

Siv Lilleholt er tilsett som overtannlege i Kristiansund kompetanseregion etter at Bjørn Eggen går av med pensjon. Lilleholt tiltrer i stillinga i april. 

Overtannlege Siv Lilleholt

Siv Lilleholt (50) vart utdanna tannlege ved universitetet i Oslo i 1992, og kjenner den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal godt etter 14 år ved distriktstannklinikken i Tingvoll og arbeidserfaring frå klinikkane i Surnadal, Halsa og Sunndalsøra. I 2000-2006 hadde ho ansvar for tannbehandling i narkose ved sjukehuset i Kristiansund, noko som også vil inngå som oppgåve i overtannlegestillinga. Lilleholt var i fleire år tillitsvald i Nordmøre og Romsdal Tannlegeforening, mellom anna som sekretær og kurskontakt. Ho har også vore sektorverneombud.

Lilleholt har også jobba som tannlege i Stavanger, og er fram til ho tiltrer overtannlegestillinga, tilsett på Tynset tannklinikk i Hedmark fylkeskommune. Ho har over fleire år undervist på tannpleierutdanninga ved Høgskolen i Innlandet, mellom anna i temaet omsorgssvikt. Lilleholt har vore kontaktperson for tannhelsetenesta i Hedmark opp mot barnevernet i 8 år.

I tillegg til den odontologiske utdanninga har Lilleholt tatt etterutdanning i odontofobi og omsorgssvikt, og har erfaring som paraplytannlege for TOO Elverum. 

Overtannlegestillinga rapporterer til fylkestannlegen og inngår i leiargruppa. Som overtannlege vil ho ha det faglege og administrative ansvaret for leiing og utvikling av kompetanseregionen, med vekt på:

  • koordinering av drifta på klinikkane i regionen
  • fagleg rettleiing
  • personalleiing og næraste overordna for tannlegespesialistane i regionen
  • kompetanseplanlegging

Kristiansund kompetanseregion består av distriktstannklinikkane Kristiansund, Averøy, Smøla, Aure, Vågland, Surnadal, Rindal, Sunndalsøra og Tingvoll, og har omtrent 40 tilsette. Lilleholt vil inn til vidare ha arbeidsstad ved distriktstannklinikken Tingvoll.