Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > TOO - tilrettelagt tannhelsetilbod

TOO - tilrettelagt tannhelsetilbod

Tilrettelagt behandling for tortur-og overgrepsutsette og personar med sterk angst for tannbehandling (odontofobi)

På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har Helsedirektoratet sidan 2012 gitt årlege tilskot til etablering av tilrettelagt tannhelsetilbod TOO.

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit tilrettelagt tannhelsetilbod til personar som har blitt utsett for tortur (T), overgrep (O) eller har sterk tannbehandlingsangst (odontofobi, O). Dette tilbodet blir kalla TOO-behandling. Tilbodet inneber angstbehandling med føremål å hjelpe deg til å meistre ordinær tannbehandling.

Kven er TOO-tilbudet for?

Personar frå og med 21 år som enten

  • har vore utsett for tortur
  • har vore utsett for overgrep eller vald i nære relasjonar
  • har sterk angst for tannbehandling, odontofobi
Behandlingsforløpet
Tverrfagleg behandlarteam TOO

Tverrfagleg behandlerteam TOO består av psykolog, tannlege og tannhelsesekretær. Behandlingstilbodet som teamet gir er kognitiv adferdsterapi retta mot tannbehandlingsangst i eit omfang på inntil 10 behandlingstimar.

Behovet ditt blir kartlagt i ein samtale med psykolog, slik at vi kan lage eit behandlingsopplegg som er tilpassa deg.

Den vidare oppfølginga bygger på prinsipp frå eksponeringsterapi, som har god effekt på behandling av fobiar. Sjølve angstbehandlinga består av å øve gradvis på dei situasjonane som du synes er mest vanskeleg. Du får muligheit til å lære deg strategiar til å meistre situasjonar som er vanskelege.

Det tverrfaglige TOO teamet i Møre og Romsdal fylkeskommune er lokalisert på Kompetanseklinikken St. Carolus i Molde.

Tannbehandlerteam TOO

Når du er ferdig hos Tverrfagleg behandlarteam TOO blir du overført til Tannbehandlarteam TOO. Dei skreddarsyr og gjennomfører tannbehandling etter ditt behov. Teamet har fått nødvendig informasjon, slik at tannbehandlinga blir tilpassa ditt meistringsnivå.

Etter endt behandling er du sjølv ansvarleg for å følge opp tannhelsa hos tannlege/tannpleiar.

Koster det noko?

Tannbehandlinga som teama utfører er kostnadsfri. Eventuell vidare tannbehandling hos ein annan tannlege/tannpleiar må du betale.

Henvisning

Du kan enten sjølv ta kontakte eller be din lege, psykolog eller tannlege om å henvise deg.

Henvisning sendast til fylkestannlegens kontor.

Adresse:

TOO
Fylkestannlegens kontor
Postboks 2507
6404 Molde

Kontaktpersonar

Trine Beathe Monsen
Tannlege
71 28 46 20
Send e-post
Yngvill Ane Stokke Westad
Psykolog
Send e-post