Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Utdanning

Møte i utdanningsutvalet 10.november

Kvalitetsmeldinga 2014 for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, Skolebruksplan 2015-2018 og Utviklingsplanar for dei vidaregåande skolane i Eiksundregionen er nokre av sakene utvalet skal behandle.

Les meir

Pris til NDLA

Den fylkeskommunale satsinga på Nasjonal digital læringsarena har fått ein internasjonal pris. NDLA er tildelt prisen Boldic Award 2014. Sjølve prisoverrekkinga skjedde på konferansen ”Lärande i förändring” i Stockholm 23. oktober. Hendinga blir også markert på Fleksibel Utdanning Norge sin konferanse i Oslo i november.

Les meir

Abigail (22) frå Ålesund blir toppleiar for ein dag

Onsdag 15.oktober skal Abigail Dungca frå Ålesund overta sjefsstolen i Handel og Kontor. Saman med leiar Trine Lise Sundnes deltek ho på «Leder for en dag».

Les meir

Stine Kipperberg europamester i helsearbeidarfaget

Stine Birgitte Harsem Kipperberg frå Ålesund har tatt EM-gull i helsearbeidarfaget.

Les meir

- Alle fortener å leve eit verdig liv

Romsdal vidaregåande skole arrangerte Global Dignity Day 25. september. Dagen vart leia av Kronprins Haakon, og alle elevane på Vg 1 deltok. 

Les meir

Samling for nye lærlingar 2014

Torsdag 25. september var rundt 120 nye lærlingar samla ved Hotel Alexandra i Molde. Målet med samlinga er å gi kunnskap til nye lærlingar om kva dei kan forvente av lærlingetida si.

Les meir

Skolebruksplanen 2015-2018 høyringsframlegg

Skolebruksplanen 2015-2018 ligg no ute til høyring med høyringsfrist 7. oktober 2014.

Les meir

«Æ skjønne itj, æ våkne opp kvar dag å vil bli nå nytt æ»: Forsking på rådgiving i skolen

Rådgivinga for skoleelevar er grundig evaluert. Dei tre fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal har vorte studert av ei gruppe forskarar.  Dei har intervjua elevar, foreldre, lærarar og leiing ved seks skolar i kvart fylke; tre ungdomsskolar og tre vidaregåande skolar.

Les meir

Ny moglegheit! – søkjarar utan læreplass

Utdanningsavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune, inviterer deg som er søkjar i år og har ungdomsrett, til å delta på læreplasskurs. Kurset blir arrangert fire stader, slik at du kan melde deg på der passar best. Vi har totalt 60 plassar, så her er det «førstemann til mølla».

Les meir

Utviklingsplanar for dei vidaregåande skolane i Eiksundregionen – Høyring 2

Høyringa går i hovudsak ut til dei vidaregåande skulane og kommunane i regionen, men sidan høyringa er lagt ut offentleg, er det høve for alle som har interesse i saka til å kome med uttaler. Alle som sendte uttalar til Høyring 1, vert gjort merksame på at høyringa er i gang. Skolane og kommunane kan formidle høyringa til andre som er aktuelle.

Les meir

Kontaktinfo Utd

Møre og Romsdal fylkeskommune
Utdanningsavdelinga
Postboks 2500, 6404 Molde
Telefon: 71 28 00 00
E-post: utdanning@mrfylke.no 

Anna kontaktinfo til utdanningsavdelinga:

Inntak av elevar til vgs:
Tlf 71280150 epost inntak@mrfylke.no

Karriere Møre og Romsdal:
karriere@mrfylke.no 

Eksamen:
eksamen@mrfylke.no

Om utdanningsavdelinga

Utdanningsavdelinga har det administrative skoleeigaransvaret for dei vidaregåande skolane i fylket, vidaregåande opplæring i bedrift og fagskole.  Det er i dag 25 skolar og om lag 1300 godkjende lærebedrifter som gir tilbod innanfor ulike utdanningsprogram, fag og bransjar. 

Dokument

Årshjul for kvalitetsarbeid
PDF-dokument - 184,65 kB
Ordensreglement
PDF-dokument - 531,59 kB
Kvalitetsplanen
PDF-dokument - 753,75 kB