Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Bli høyrt, lær meir!

Bli høyrt, lær meir!

Korleis kan ein få gjennomslag for viktige saker i skolen sin? Og korleis kan ein få mest muleg læring igjen for den tida ein er elev i skolen? Jo, du følger punkta i plakaten du har på veggen i klasserommet.

Bli høyrt? Kvifor det?

Du kan påverke korleis kvardagen din blir ved å snakke i klassen og i elevrådet om korleis de vil ha det på eigen skole. Elevrådet er til for elevane, og blir høyrt av rektor. I skoleutval og skolemiljøutval blir det bestemt ting som påverkar skolemiljøet for alle elevar. Derfor er det viktig at elevar er representert der. Det er og bra å ha ei meining om korleis ein helst vil arbeide i fag. Ikkje klag over at noko er kjedeleg. Diskuter heller forslag til aktivitetar i klassen, og fortel læraren kva de kunne ha lyst til å prøve.

 

Lære meir?

Den tida ein er elev på skolen er hektisk og innimellom ganske slitsam. Læring er krevjande arbeid, men det er desto artigare når ein merkar at det går framover! Halde oversikt i faga over kva du kan godt, vit kva arbeid du skal gjere dei neste dagane og vekene, og planlegg kva du må jobbe litt ekstra med framover. Da blir det mindre stress og meir jamn jobbing. Du arbeider rett og slett smartare. Når du deltek aktivt i praten med læraren om korleis det går i arbeidet ditt, er det dessutan lettare å forstå fagstoffet. Du finn ut det du lurer på og får tryggheit i faget.

Les punkta i plakaten medan du tenker på din eigen skolekvardag. Kva ser du der som kunne vere til hjelp for deg?

plakten bilde

Kontaktpersonar

Ann-Christin Hoel Lervik Ann-Christin Hoel Lervik
Rådgivar
71 28 04 04 /
Mob. 414 18 862
Send e-post
Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post