Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: Pixabay

Læremiddel og digitale tenester

Du har tilgang til fleire digitale tenester som elev ved ein av våre vidaregåande skolar. 

Det vil variere frå skole til skole kva slags læremiddel og digitale tenester dei tilbyr. Men noko er felles for alle. Ta kontakt med skolen din for å finne ut kva anna dei tilbyr. 

Rett til læremiddel på eiga målform

Elevane har rett til læremiddel på ønska målform, nynorsk eller bokmål. Du kan lese meir om retten du har til målform her. 

Digitale tenester frå fylkeskommunen

Teneste Om Meir
Elevportalen

Det første du får opp når du er pålogga nettverket til skolen, er Elevportalen.

Målet med Elevportalen er mellom anna å gi deg  tilgang til ei rekkje tenester som du treng i undervisninga og gjere det lettare å finne fram i informasjonen.

 

 

itslearning Møre og Romsdal fylke brukar  frå hausten 2018 itslearning som læringsplattform (LMS). Fronter er no bytta ut.

Ein LMS er både eit administrativt system for skolen og eit elektronisk læringssystem der lærarar og elevar kan organisere faga i ulike rom og mapper. I itslearning kan elevar og lærarar kommunisere med hjelp av chat, epost og forum.

 

SkoleArena

Elevar og lærarar har tilgang på til karakter-og fråverssystemet SkoleArena. Her fører alle lærarar fråveret ditt og karaktarane dine, og du kan sjølv melde fråver.

Du kan til ei kvar tid sjekke at det er rett ført. Vi rår deg til at du sjekker kvar gong du har vore borte frå skolen, slik at dette blir rett. Alle ordens- og åtferdsmerknader blir også ført her.

Foreldre/føresette har eiga pålogging.
Ordbøker Elevar og lærarar har tilgang på ei digitale ordbok. Det er skolen som har valgt kva for ei ordbok du skal bruke.  Vi rår deg til å laste ned ordboka lokalt på maskina di slik at du har tilgang til den også under eksamen og prøver.   
NDLA På www.ndla.no finn du gratis digitale læringsressursar i mange fag. NDLA tilbyr også fleire andre ressursar, for eksempel samskrivingsdokument og opplæring i korleis du lagar blogg, video, tankekart m.m.
Norsk Pluss for språklege minoritetar Dette er digitale læremiddel for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring.

Ta kontakt med faglæraren din om du har behov for dette.

 

Hjelpeprogram Mange skular tilbyr gratis hjelpeprogram til PC for elevar med lese-eller skrivevanskar. Ver merksam på at ikkje alle hjelpeprogram støttar MAC.
Utskrift Fleire skolar har løysingar som gjer at du kan skrive ut frå di eiga maskin. Ta kontakt med skolen for detaljar.
E-post

Du kan bruke di eiga e-postadresse (hugs å opplyse om denne til skolen), men dersom du ikkje har frå før/ønskjer det, får du ei ungweb-adresse og kan lese e-posten din her:https://skolepost.mrfylke.no  (du må logge deg inn med FEIDEkontoen din). Du kan også lese denne eposten på mobiltelefonen din.

NB!Dersom du ikkje registrerer din private e-post hos skolen vil viktige e-postar bli sendt til ungweb-adressa di, så denne må du sjekke ofte.

I tillegg til å lese og sende e-post, kan du slå opp i ei felles adressebok som inneheld e-postadressene til alle elevar og lærarar i fylket. Denne epostadressa er sikra av spam- og virusvaskar til fylket.

https://skolepost.mrfylke.no/

Programvare

Følgjande program skal vere tilgjengeleg på datamaskina di:

Program Tilråing Kommentarar
Antivirus-program AVG eller Microsoft Security Essentials Pass på at det er oppdatert til ei kvar tid. Tilrår at du også har dataverktøy som “vaskar” maskina din for eventuelle spionprogram.
Nettlesar Internet Explorer og Chrome Det er lurt å ha minst to om du har problem med å opne digitale ressursar.
Kontorstøtteprogram: tekstbehandlar, rekneark, presentasjon Microsoft Office  Når du leverer skulearbeid på Fronter skal desse vere i eit lesbart format.
PDF-lesar Adobe Reader  

Kontaktpersonar

Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post
Gry Rishaug Hansen Gry Rishaug Hansen
Rådgivar
71 28 03 98 /
Mob. 416 43 033
Send e-post