Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: Pixabay

Pålogging

For å bruke datamaskina på skolen, må du logge deg på det trådlause nettverket.Fylkeskommunen har krav til korleis du skal oppføre deg på dette nettet.

Det er mange måtar å logge seg på trådlause nettverk, alt etter kva operativsystem og programvare som er installert på datamaskina di. Dei fleste maskinar søkjer opp trådlause nettverk av seg sjølve.

1. Du må passe på at det trådlause nettverkskortet er slått på/ aktivert (på ein del maskiner er det ein brytar som slår på og av trådlaust nettverk).

2. Ved aktivering finn du vanlegvis eit ikon nede i høgre hjørne. Dobbelklikk på dette.

3. Du vil her få opp ei liste over dei trådlause nettverka maskina di har oppdaga.

Bruk av det trådlause nettet

Nettet på skolane skal brukast til læring i fag. Du skal unngå streaming av video og lyd og store nedlastingar for aktivitetar som ikkje er relatert til undervisninga. Det kan bli nødvendig å stenge for ein del tenester for streaming av innhald.

FEIDE

Møre og Romsdal fylke brukar FEIDE (Felles Elektronisk IDEntitet). Dette er ei innlogging som skal verne om identiteten din. Målet er at du kun skal skrive brukarnamn og passord ein gong for å kome inn på dei ulike systema (ungweb.no, Fronter, SkoleArena, Lokus osv).

Første gong du loggar deg på:

1 Bruk “fellesbrukar” for å kome på det trådlause nettet Denne får du på skolen. Fellesbrukaren blir deaktivert cirka 15.september.
2 Kople til det trådlause nettverket for på skolen for å aktivere Feide-brukaren din på: https://brukerid.mrfylke.no Elevnummeret ditt får du utlevert ein av dei første dagane på skolen. Nummeret treng du for å registrere deg.

Gløymt passord

Dersom du har gløymt passordet på FEIDE-brukaren din, kan du gå inn på denne adressa:

http://brukerid.mrfylke.no

Kontaktpersonar

Anders Aarø
Rådgivar
71 28 03 96 / Mob. 940 59 997
Send e-post