Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: https://pixabay.com/static/uploads/photo/2015/12/15/08/59/question-1093884__180.jpg

Ofte stilte spørsmål om inntak

Utdanningsavdelinga får i løpet av våren og sommaren mange telefonar og e-postar frå elevar og føresette som seier at dei ikkje er blitt grundig nok informert om korleis ein søkjer vidaregåande opplæring, og dei viktigaste reglane for søking til vidaregåande opplæring.

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om inntak.

Eg har ikkje fått brev, eller har mista brevet frå Skatteetaten med PIN-kodar for å logge meg inn på vigo.no med MinID. Kva gjer eg?

Du tek kontakt med skatteetaten via deira heimeside skatteetaten.no eller tlf 800 30 300.

Eg angrar på det eg la inn på søknaden min til fristen 1. mars. Kan eg få endre på søknaden min etter fristen?

Ønska som ligg på søknaden din når fristen går ut 1. mars er i utgangspunktet bindande. Men det kan gjevast høve til å endre på søknaden ein gong etter søknadsfristen. Har du ønske om å endre på søknaden din, må du først ha hatt ein grundig samtale anten med rådgjevar eller kontaktlærar. Du kan endre på ønske til skolar i Møre og Romsdal (fylkeskommunale eller private), og regionale tilbod. Du får ikkje endre søknaden din til landslinjetilbod, for desse tilboda er det andre fylke som gjer inntaket til. Du kan få fjerne og erstatte eit landslinjetilbod med eit tilbod i Møre og Romsdal, men ikkje setje opp eit landslinjetilbod eller bytte rekkjefølgje på landslinjetilbod. Ønske om endring må grunngjevast skriftleg og sendast til Utdanningsavdelinga innan 1. mai. OBS! Brevet med endringane skal vere signert av både søkjar og rådgjevar/kontaktlærar. Det må også der kome fram at du har hatt samtale med rådgjevar eller kontaktlærar.

Eg angrar på det eg la inn på søknaden min til fristen 1. februar. Kan eg få endre på søknaden min etter fristen?

Søkjarar som har søkt med vedleggsskjema A, fortrinnsrett eller om individuell vurdering kan ikkje få endre søknaden sin etter fristen 1. februar. For desse søkjarane er ønska som er lagt inn på vigo.no bindande. Dette er fordi inntaket for desse søkjarane blir klart allereie i mars. Har du spørsmål til dette kan du ta kontakt med oss på e-post: inntak@mrfylke.no eller på telefonnummer: 712 80 150.

Viktige datoar – søknadsfrister, førehandssvar, svar og svarfristar

Sjå inntakskalender på vilbli.no
http://www.vilbli.no/?Tid=V2015&Fylke=15&Artikkel=019590&Side=Artikkel&Falang=&Lan=1 

Eg har reist på ferie når melding om inntak kjem. Korleis kan eg svare på tilbod om skoleplass da?

Om du veit at du skal på ferie i det tidsrommet du får melding om inntak kan du registrere førehandssvar frå 3 .mars – 1. julivigo.no Har du registrert førehandssvar, kan du gå inn og sjå kvar du har fått tilbod om skoleplass/ventelisteplass når du er tilbake frå ferien. Husk at dersom du legg inn førehandssvar, så svarer du ja både til skoleplass og til å stå på venteliste til alle høgare ønske dersom du har fått tilbod om eit lågare ønske. Når du har lagt inn førehandssvar har du muligheit til å endre svaret ditt, frå den datoen inntaket er klart og fram til svarfristen.

Om du ikkje har registrert førehandssvar og du er på ferie skal det ikkje vere noko problem å svare på inntak. Logg inn på vigo.no på vanleg måte med fødsels- og personnummer og personlege passord når inntaket er klart (sjå inntakskalender) og svar på tilbod om skoleplass/ventelisteplass. Dersom du ikkje har med eigen PC på ferie, vil det vere mogleg å svare frå mobiltelefon, nettbrett eller liknande.

Kva skjer dersom eg ikkje får tilbod etter første gongs inntak?

Alle søkjarar som har ungdomsrett skal få eit tilbod om skoleplass før skolestart. Når andre gongs inntak blir gjort vil dei plassane som nokon har takka nei til bli frigjort og tildelt dei som står på ventelistene. Det er ikkje garantert at ein vil få plass ved nokon av dei skolane ein har sett opp på søknaden sin, for retten til skoleplass gjeld berre eit av tre alternative utdanningsprogram på Vg1, eller noko som ein er kvalifisert til på Vg2 eller Vg3 ut frå det Vg1 eller Vg2 ein har gått. Retten er ikkje knytt til dei skolane ein har sett opp på søknaden sin.

Får eg stå på venteliste til lågare ønske dersom eg svarer nei til mitt første ønske?

Nei, dersom du takkar nei til det som du har satt opp som første ønske på søknaden din så blir du teken ut av inntaket til alle ønska dine.

Eg står som nr 1 på venteliste etter første gongs inntak og vil vite om det har kome inn nei-svar på mitt første ønske.

Sjølv om det har kome inn nei-svar så betyr ikkje det at du får tilbod om plassen. Dersom det har skjedd feil i saksbehandlinga ved Utdanningsavdelinga, eller nokon har fått medhald i klage på karakter, vil desse gå framfor deg på ventelista dersom dei har høgare poengsum enn deg. Du må i alle tilfelle vente til andre gongs inntak er ferdig før vi kan seie noko sikkert.

Korleis er sjansen min til å få tilbod på mitt første ønske dersom eg står som nr 10 på venteliste?

Det er ikkje mogleg og gje noko klart svar på dette, for det avheng av kor mange som seier ifrå seg plassen dei har fått tilbod om, og kor mange plassar det er til saman på det du har søkt. Dersom det er snakk om eit populært tilbod med få plassar er sjansen liten, men er det snakk om eit tilbod med mange plassar er sjansen større. Dersom fleirtalet av dei som har fått tilbod om plass er teken inn på sitt første ønske, er det mindre sannsynleg at dei vil seie ifrå seg plassen enn dersom dei har hatt tilbodet som eit lågare ønske. Det einaste du kan gjere er å vente og sjå kva som skjer, både etter andre gongs inntak og etter skolestart.

Eg ønskjer å endre på søknaden min etter at første gongs inntak er klart, korleis gjer eg dette?

Etter at inntaket er gjort, gjer ikkje Utdanningsavdelinga endringar på søknadar utan at vi har gjort feil i saksbehandlinga. Dersom du vil stå på venteliste til lågare ønske enn det du har fått tilbod om, eller til noko du ikkje har sett opp på søknaden din, må du vende deg direkte til skolen du vil stå på venteliste ved. Skolane kan etter skolestart ta inn søkjarar frå eigen venteliste når dei er ferdige med dei ventelistene dei har fått frå Utdanningsavdelinga.

Eg har fått tilbod om eit lågare ønske etter andre gongs inntak. Står eg på venteliste til dei høgare ønska mine enno?

Utdanningsavdelinga avventar nei-svar etter andre gongs inntak og du vil få svar enten frå oss eller frå skolen dersom det blir ledige plassar på det du står på venteliste til. Vi sender alle ventelistene våre til skolane rett før skolestart, og overlet inntaket til skolane. Skolane vil ringje til dei som står på venteliste dersom det blir ledige plassar etter skolestart.

Eg vil gå i same gruppe som nokon eg kjenner som er teken inn til det same tilbodet, kan Utdanningsavdelinga hjelpe meg med det?

Nei, det er skolane som er ansvarlege for fordeling i grupper, så dette må du spør skolen om.

Eg stod som nr 2 på venteliste etter første gongs inntak, men etter andre gongs inntak står eg som nr 3. Korleis kan det skje?

Utdanningsavdelinga tek eit generelt atterhald om dette, for det kan skje feil i saksbehandling hos oss som gjer at nokon går framfor deg på ventelista. Det kan også vere at søkjarar som har klaga på karakterar får medhald, og difor får auka sin poengsum til andre gongs inntak. Kjem poeng-summen over den du har, vil dei gå framfor deg på ventelista til andre gongs inntak.

Kva er poenggrensa for inntak til dei ulike tilboda og skolane?

Vi har ikkje kapasitet til å utarbeide slike oversikter i dei tidene inntaket blir gjort. Søkjartala til dei forskjellige tilboda og skolane endrar seg frå år til år, og det vil poenggrensa og gjere.

Kven får skoleplassen dersom fleire søkjarar har same poengsum?

Dersom fleire søkjarar har same poengsum seier inntaksforskrifta at tildeling av plass skal avgjerast ved loddtrekking. Det blir nytta maskinell loddtrekking for å avgjere kven som skal få plass og kven som blir ført på venteliste. Også ventelisteplassen er tildelt ved loddtrekking.

Eg har for dårlege karakterar til å kome inn på mitt første ønske. Kan eg gjere noko for å få tilleggspoeng til neste år?

Det einaste du kan gjere er å prøve å forbetre karakterane dine. Du får ikkje tilleggspoeng for alder, ved å arbeide, gå på ein annan skole eller gjere andre ting eit skoleår. Du må konkurrere om skoleplassen med dei karakterane som kvalifiserer til det tilbodet du søkjer.

Kven kan eg kontakte for spørsmål knytt til Lånekassen?

Utdanningsavdelinga har ikkje kompetanse til å svare på spørsmål knytt til stipend eller lån. Ta kontakt med Lånekassen på kundetelefon: 04545 eller sjå på heimesida: lanekassen.no

Eg kan ikkje møte til første skoledag. Kva gjer eg?

Du må ta direkte kontakt med skolen og spørre kva du skal gjere. Dersom du ikkje melder ifrå til skolen så mister du plassen du har fått tildelt.

Kan eg bytte skoleplass med ein annan søkjar før skolestart?

Nei, skolen er pliktig til å kontakte den neste som står på ventelista.

Kan eg bytte skoleplass etter skolestart?

Dersom skolen har ledig plass og ikkje har nokon igjen på ventelistene dei har fått frå Utdanningsavdelinga, er det opp til skolen å avgjere om dei kan ta inn ein elev som ønskjer å bytte skoleplass etter skolestart. Skolen må vurdere om eleven er kvalifisert til å starte på det dei ønskjer før dei eventuelt tek inn ein ny elev.

Kvifor får eg ikkje ny melding etter 2. gongs inntak?

Svar på tilbod om plass / ventelisteplass etter 2. gongs inntak
• Dersom du får nytt tilbod vil du få ny SMS ca 5. august (NB: ikkje via e-post).
• Logg inn på vigo.no med MinID for å finne ut kva tilbod du har fått. (du vil også finne ny ventelisteplass dersom det er endring).
• Svar på tilbod om plass. NB: Svarfristen er 7. august. (berre om du har tilbod om ny plass).
• Dersom du har ungdomsrett og ikkje har fått nytt tilbod etter 2. gongs inntak og framleis står på venteliste, får du SMS frå Utdanningsavdelinga før skolestart.
• Dersom du ikkje har ungdomsrett og framleis står på venteliste etter 2. gongs inntak, vil skolen ta kontakt på telefon dersom det blir ledig plass rundt skolestart.