Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

PC-ordninga

 

Gjeld berre elevar på Møre og Romsdal fylkeskommune sine vidaregåande skolar.

Alle elevar i vidaregåande skole må ha eigen PC.

Når du som elev har fått tilbod om skoleplass vil du få ein eigen sms frå Møre og Romsdal fylkeskommune, på det telefonnummeret du har registrert i Vigo, med ei lenke til nettsida skolestart.mrfylke.no. På denne nettsida skal du bestille pc/pc-stipend. På denne nettsida skal du også gjere andre nødvendige val i forbindelse med skolestart. Avvent med å gå inn på skolestart.mrfylke.no til du har mottatt sms. Sms-en vil bli sendt ut i slutten av juli.

 

Har du fått beskjed om at du har fått plass, men ikkje mottatt nokon sms, må du kontrollere at telefonnummeret registrert på deg i Vigo er korrekt.

Inne på nettsida for bestilling, skolestart.mrfylke.no, kan du velje mellom to ordningar:

 1.      Kjøpe fylkeskommunal elev-PC

1) Å få rekning frå Møre og Romsdal fylkeskommune ein gong i året, i tre år (til saman tre betalingar). Etter tre betalingar, er PC-en din.

2) Å betale PC-en i eit avdrag. Du vil også da få ei rekning frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Etter betaling er PC-en din.

  • Ved alternativ 1) blir beløpet på kvar rekning det same beløpet som det lågaste beløpet lånekassen betalar ut i utstyrsstipend kvart år (link til Lånekassen). Ved alternativ 2) blir beløpet på rekninga det same som tre gonger det lågaste beløpet lånekassen betalar ut i utstyrsstipend i år.
  • Service, vedlikehald og forsikring for tre år er inkludert.
  • Forsikringsordninga dekkjer mellom anna byte av skjerm eller harddisk. Den kan også gi rett til lånemaskin ved reparasjonar.
  • Forsikringa dekkjer ikkje tap av maskina (for eksempel tjuveri).
  • Har du fleire spørsmål kan du ta kontakt med skolen din.

2.      Få PC-stipend frå fylkeskommunen

  • Du får eit «PC-stipend» frå Møre og Romsdal fylkeskommune på kr 2500. Utbetalinga er i slutten av september og dette er eit eingongsbeløp.  ​
  • Når du tek imot PC-stipend må du sjølv sørge for å ha ei datamaskin som har minst like god kapasitet som fylkes-PCen. Les viktig tilleggsinformasjon under. Du står ellers fritt til å velje kva datamaskin du ønskjer, men den må vare klar til skolestart. ​
  • Du må sjølv dekkje service, vedlikehald og eventuell forsikring. Vi tilrår at du har ein serviceavtale som dekkjer lånemaskin, slik at du heile tida har tilgang til datamaskin.
  • Du vil få gratis tilgang til alt du treng av programvare på skolen (blant anna Office 365).

Viktig tilleggsinformasjon
Ulike utdanningsprogram bruker ulik programvare. Det er lurt å vurdere valet av datamaskin mot programvaren som du skal bruke.

Fylkeskommunal elev-PC
Maskina som Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr er av god kvalitet og vil passe til dei fleste utdanningsprogramma. Dersom eleven sluttar i vidaregåande opplæring driven av Møre og Romsdal fylkeskommune før alle eigendeler er betalt, skal utstyret leverast tilbake. Innleverte maskiner må vere utan skade. Fristen for å levere tilbake PC-en er 14 dager etter maskina vert utlever. Vert maskina levert tilbake etter denne datoen må første eigendel betalast. Eleven kan behalde utstyret dersom ho/han betalar inn attståande eigendel.

Utdanningsprogram som krev meir yting
Nokre skolar tilbyr eigne ordningar for datamaskin (for eksempel Medier og kommunikasjon). Ta kontakt med skolen din om du har spørsmål.

Forsikring, garanti og service/support:

Fylkes-PC: Avtalen er i korte trekk slik:

  • Service, vedlikehald og forsikring for tre år er inkludert.
  • Forsikringsordninga dekkjer mellom anna bytte av skjerm eller harddisk. Den gir også rett til lånemaskin ved reparasjonar.
  • Forsikringa dekkjer ikkje tap av maskina (for eksempel tjuveri).

Eigen PC: Eleven må sjølv dekkje service, vedlikehald og eventuell forsikring. Vi rår elevane til å skaffe seg ein serviceavtale som dekkjer lånemaskin, slik at dei heile tida har tilgang til datamaskin.

Elev-PC for vaksne
Vaksne som startar opplæring må ha bærbar datamaskin. Har du ikkje nytta deg av PC-ordninga før, kan du velje mellom å kjøpe fylkeskommunal elev-PC eller å få PC-stipend og stille med eigen PC. Tilbodet kan berre nyttast ein gong og gjeld berre vaksne som har fått plass og takka ja til våre tilbod om ordinær vidaregåande opplæring.

Bestilling
Gjerast inne på nettsida skolestart.mrfylke.no

PC-avtale/kontrakt
I samband med kjøpet må eleven/føresette signere ein kontrakt. Er eleven under 18 år må den signerast av ein føresatt.

Fristar:

Bestille PC eller PC-stipend: 1.september.
Angrefrist: 14 dager angrefrist etter pc-en er   utlevert.
Mister retten: Dei elevane som har valt fylkes-PC og nytta seg av angrefristen innan   14 dagar kan endre valet sitt til PC-stipend. Etter denne fristen mistar eleven   retten sin og må betale første avdrag eller kjøpe ut PC-en.
Utbetaling av PC-stipend: I slutten av september.

Miste retten
Dersom du sluttar i vidaregåande opplæring vil du miste retten din til PC-ordninga (elev-PC/PC-stipend).

Service og support for fylkeskommunal elev-PC
Kontakt IT-avdelinga på skolen din.

Utstyrsstipend frå Lånekassa
Du kan søkje om stipend til utstyr hos Lånekassa. Meir informasjon om dette finn du på www.lanekassen.no
Dette gjeld alle.

Kontaktinformasjon

Har du problem eller spørsmål?

1. Sjå spørsmål og svar på https://skolestart.mrfylke.no/#/

2. Ta kontakt med IT-avdelinga på skolen du skal starte på

3. Har du framleis spørsmål? Ta kontakt på telefon: 71 28 31 11 eller på E-post: skolestart@mrfylke.no