Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tips til kva du bør tenke på før rettleiinga

 
 
 
Nyttig å tenkje over før samtalen:
  • Kva er den viktigaste årsaka til at du ønsker karriererettleiing?
  • Kva ønsker du spesielt å få hjelp til?
  • Korleis ser dine ønsker ut for framtida?
  • Kva draumar har du?
  • Kva for moglegheiter har du tenkt på?
  • Kva tror du skal til for at du skal nå måla dine?
  • Kva er dine største utfordringar i høve til jobb eller utdanningssituasjon i framtida?
  • Korleis vil du beskrive deg sjølv som person?
  • Kva opplever du er viktig for at du skal trives på ein arbeidsplass?
  • Kva likar du godt å gjere  når du jobber og/eller når du har fri?
  • Når har du følt trivsel og mestring i skole- eller yrkessamanheng?
  • Kva er du spesielt god til?
  • Kva for kompetanse eller eigenskap treng du å utvikle eller jobbe med framover?
  • Kva hindrar deg i å kome vidare?
  • Kva kan hjelpe deg å kome vidare?

 

Kva kan du forvente av oss:
  • Fortruleg og nøytral profesjonell karriererettleiing
  • Kartlegging og refleksjon over dine ønsker, interessar, behov og føresetnader, samt dine personlege eigenskapar og kompetansar
  • Kunnskap om nødvendig informasjonsinnhenting
  • Hjelp med CV, søknad og jobbintervju
  • Hjelp til sjølvhjelp
  • Støtte og utfordring
  • Testverkty etter behov
  • Samtaletid om lag 1 time
  • Observatør kan vere med i samtalen

 

Kva vi forventer av deg:
  • Du er ærleg og direkte i dine samtaler med rettleiaren
  • Du er villig til å reflektere over personlegdom, behov, ønsker og arbeidsliv
  • Du er klar for å undersøkje ulike moglegheiter
  • Du er klar for å ta omsyn til tilbakemelding/observasjonar frå rettleiaren
  • Gjere ferdig alt som er avtalt mellom timane
  • Kome til avtalt tid, eller avbestill timen i god tid
  • Seie ifrå til rettleiaren med ein gong om noko ikkje fungerar for deg i samtalen

 

Våre samtalar er konfidensielle og fortrulege.

Velkomen til karriererettleiing!