Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Karriere Møre og Romsdal > Karriererettleiing for vaksne i Møre og Romsdal

Foto: https://pixabay.com/static/uploads/photo/2015/04/26/11/01/abstract-740257__180.jpg

Karriererettleiing for vaksne i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har tilbod om gratis karriererettleiing for vaksne i fylket. Tilbodet har namnet Karriere Møre og Romsdal.

Kortreist rettleiing - Fylket vårt har ein geografi som gjer det tidkrevande å reise. Vi ønsker at innbyggarane skal få rettleiing så nær der dei bur som mogleg. Vi har derfor eit korps av rettleiarar på sju stader i fylket: Kristiansund, Surnadal, Sunndal, Molde, Åndalsnes, Stranda, Sykkylven, Ørskog, Ålesund og Volda.

Rettleiing for kven?

Det viser seg at mange ønsker å gjere ei kursendring i løpet av yrkeskarriera si, og nokre av dei treng ein samtalepartner. Unge som er ferdige med vidaregåande skole og ikkje veit kva for utdanning dei skal velje vidare kan ha god nytte av karriererettleiing.

I dag er yrkes- og utdanningsrettleiing ein lovfesta rett for unge i utdanning.  Møre og Romsdal fylkeskommune vil ha eit tilbod også for dei som ikkje er elevar i vidaregåande skule.

 Kva inneber ein rettleiingssamtale?

Tilbodet omfattar rettleiingssamtalar om utdanning og jobbmoglegheiter, kartlegging av interesser, tips og råd til å skrive CV og jobbsøknad og til jobbintervjuet.

 

Treng du karriererettleiing eller informasjon om utdanning – bestill time her:

http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Karriere-Moere-og-Romsdal

Kontaktpersonar

Hilde Meringdal Hilde Meringdal
Rådgivar
71 28 03 75 /
Mob. 957 53 645
Send e-post