Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om oss

Om oss

 

Karriere Møre og Romsdal er eit tilbod om karriererettleiing for vaksne i fylket.

Det syner seg at mange ønsker å gjere ei forandring i løpet av yrkeskarriera si. I slike høve kan det vere behov for ein samtalepartnar.

Det kan vere mange grunnar til at det er behov for ein nøytral samtalepartnar i samband med yrke og utdanning.

Fylket vårt har ein geografi som gjer det tidkrevande å reise. Men vi ønsker at innbyggarane våre skal få rettleiing så nær der dei bur som mogleg.  

Du kan få rettleiing på fleire ulike stader i fylket;

Kristiansund, Surnadal, Molde, Åndalsnes, Ålesund, Ørsta/Volda, Stranda, Sykkylven og Ørskog.

Tilbodet er gratis.

Målsettingane med Karriere Møre og Romsdal

  • Bidra til auka gjennomføring av vidaregåande opplæring gjennom kompetanseheving av rådgivarar i skolen
  • Bidra til endå fleire kompetente og motiverte arbeidstakarar til næringslivet i Møre og Romsdal gjennom individuelle rettleiingssamtalar, eller grupperettleiing
  • Kompetanseheving gjennom kurs til privat og offentlig sektor

Bestill time her