Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Lærling / lærekandidat

Lærling / lærekandidat

Lærling

Ein lærling har fullført teoretisk opplæring i vidaregåande skule og inngår lærekontrakt med ei bedrift. Normalløpet er 2 år i skule og 2 år i bedrift. Etter desse 2 åra med opplæring i bedrift går lærlingen opp til fag- eller sveineprøve.

Lærekandidat

Lærekandidaten får ein opplæringskontrakt og tilrettelagt opplæring i bedrift. Dei fleste lærekandidatar har hatt ein individuell plan (IOP) for den opplæringa dei har hatt i grunnskule/vidaregåande skule.
Ein lærekandidat har som mål med læretida å nå delar av læreplanmåla for faget, og kunne meistre arbeidsoppgåver i ei bedrift der kravet ikkje er fagbrev/sveinebrev. Ein del lærekandidatar får seinare fullverdig fag- eller  sveinebrev gjennom praksiskandidatordninga.

Kontaktpersonar

Bjørnar Loe Bjørnar Loe
Seksjonsleiar
71 28 03 06 /
Mob. 920 86 609
Send e-post

Lærling Møre og Romsdal

Ledige læreplassar og anna nytt finn du på Facebook

vilbli.no - Møre og Romsdal