Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Lærling / lærekandidat > Rett til påbygging til generell studiekompetanse ETTER fagbrev

Rett til påbygging til generell studiekompetanse ETTER fagbrev

Til deg som går VG2 yrkesfag og lurer på om du no skal søke på lærlingplass eller søke påbygging til generell studiekompetanse! Veit du at du har rett til påbygging til generell studiekompetanse etter at du har tatt fagbrevet?

 

Kven har rett til tilbod om påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse?

Alle som har bestått Vg1 og Vg2 innafor eit yrkesfag, og som har fagbrev eller yrkeskompetanse etter Vg3 i skole i Reform -94 eller i Kunnskapsløftet, har pr. i dag rett til inntak på påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse.

Kva skole?

Du vil ikkje ha rett til inntak ved ein spesiell skole, men på ein av skolane i Møre og Romsdal som har tilbodet.

Når må du ta dette påbyggingsåret?

Det er førebels ikkje sett noko avgrensing på at du må ta kurset rett etter at du har tatt fagbrev eller fått yrkeskompetanse etter Vg3 i skole. Du kan godt jobbe i eitt eller fleire år før du søker om påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse.

Kva er så lurt å gjere?

I dag søker mange om påbygging til generell studiekompetanse når dei er ferdige med Vg1 og Vg2 innafor eit yrkesfag.

Tar du påbyggingsåret før fagbrev:

  • Då er du ikkje lenger rettselev og har mista retten til eit tilbod frå fylkeskommunen. Det betyr at du rett og slett kan risikere å stå utan læreplass og utan rett til skoleplass når den tid kjem at du skal begynne læretida di.
  • Det kan bli tyngre å få lærlingplass fordi bedriftene berre får  halvt tilskot. Bedriftene får nemleg pengar frå staten for å lære deg opp. Dersom du ikkje er det vi kallar rettselev, får bedriftene berre halve pengesummen.
  • Har du fullført, men ikkje bestått Vg3 påbygging så har du uansett brukt opp retten din til vidaregåande opplæring.

Å søke læreplass først, og så ta påbygging til generell studiekompetanse etter at du har fått fagbrev eller yrkeskompetanse etter Vg3 i skole er ein tryggare måte å få både fagbrev og studiekompetanse på.

Det viser seg også at fleire består påbygging til generell studiekompetanse når dei tek påbyggingsåret etter at dei har fått fagbrev/yrkeskompetanse, enn dei som tek påbyggingsåret rett etter Vg2.

Du kan altså trygt søke deg plass som lærling no, fullføre læretida og få fagbrevet ditt. Med fagbrevet i handa, har du då rett til å søke deg til Påbygging til generell studiekompetanse.

Har du spørsmål rundt dette, ta kontakt med oss! 71 25 87 75 - inntak@mrfylke.no