Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Fylkeskommunen skal auke gjennomføringa på yrkesfag

Kontaktpersonar

Rune Solenes Opstad Rune Solenes Opstad
Assisterande fylkesutdanningssjef
71 28 03 81 /
Mob. 951 77 723
Send e-post

Fylkeskommunen skal auke gjennomføringa på yrkesfag

– Sjølv om Møre og Romsdal er det tredje beste fylket i landet når det kjem til gjennomføring av vidaregåande utdanning, ønsker vi å bli mykje betre. Målet vårt er at mange fleire ungdommar skal fullføre opplæringa si, særleg i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, seier Rune Solenes Opstad, assisterande fylkesutdanningssjef. 

Dei fire formidlingskooordinatorane har ansvar for kvar sin region. Bak frå venstre: Renate Gustad (Nordmøre) og Anne Grytdal (Nordre Sunnmøre). Framme frå venstre: Kamilla Brunvoll (Romsdal) og Monika Waagan (Søre Sunnmøre). 

Som ein del av ei fylkespolitisk satsing på yrkesfag, har Møre og Romsdal fylkeskommune no tilsett fire nye formidlingskoordinatorar, med ansvar for kvar sin region; Søre Sunnmøre, Nordre Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Foreløpig er dette ei prøveordning på to år.

Fråfall mellom skole og læretid

Møre og Romsdal har ei samla gjennomføring på 75,7 prosent, med 89,1 prosent gjennomføring i dei studieførebuande og 64,7 prosent i dei yrkesfaglege programma.

– At gjennomføringsprosenten er lågare innan yrkesfag, kan ha fleire årsaker, seier Opstad. – Vi veit at ungdom opplever overgangen mellom skule og arbeidsliv vanskeleg. I dag er det alt for mange som står utan læreplass når dei er ferdige med VG2. Det er nettopp i denne overgangen at fråfallet er størst, og det er denne overgangen vi ønsker å gjere betre.

Treng fleire lærebedrifter

Seksjonsleiar for opplæring i bedrift i Møre og Romsdal Bjørnar Loe er også glad for opprettinga av dei fire koordinatorstillingane.

– Møre og Romsdal er eitt av dei største yrkesfagsfylka i landet, og for å kunne utdanne nok fagarbeidarar for framtida, treng vi fleire læreplassar. Å auke talet på lærebedrifter blir difor ei viktig oppgåve for dei nye formidlingskoordinatorane, seier Loe. – I tillegg skal dei arbeide med kvalitetssikring og samordning av sjølve formidlingsprosessen. Vi ønsker mellom anna å undersøke korleis skolane best kan bruke YFF-faget (yrkesfagleg fordjuping) for å førebu eleven på å bli lærling.

Avhengige av godt samarbeid med arbeidslivet

Det er allereie mange som gjer eit svært godt arbeid med formidling av lærlingar rundt om i fylket vårt, både i dei vidaregåande skolane, utdanningsavdelinga, i opplæringskontora og ute i bedriftene.
 – Dette samarbeidet mellom skole og arbeidsliv er heilt avgjerande for å lukkast, seier Rune Solenes Opstad. – Om vi klarer å rekruttere nok lærebedrifter og å koordinere dei gode kreftene på ein endå betre måte, har eg god tru på at vi kan oppfylle forventingane frå politikarane våre om at mange fleire unge vil gjennomføre i framtida.