Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > God utvikling i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post

God utvikling i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Gjennomføringa per år er aukande, og totalfråværet blant elevar er sterkt redusert. 

Kvalitetsmeldinga viser at elevane i fylket våre gjennomgåande oppgir å ha god trivsel, nok faglege utfordringar, og god støtte frå lærarane i skolekvardagen.  

Foto: Molde vgs

Dette er blant hovudtrekka i kvalitetsmeldinga for skoleåret 2016-17, som blir lagt fram for politisk behandling måndag. Meldinga viser ei svært god utvikling i skolane i vårt fylke.

Det er ein auke i gjennomføringa

Tala viser at både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram har auka gjennomføring sist skoleår, samanlikna med dei to føregåande skoleåra. Medan det i skoleåret 2014-15 var 82,6% av elevane som fullførte og besto vidaregåande skole, gjaldt dette i førre skoleår for heile 85,9% av elevane i vårt fylke. Utviklinga er særleg positiv på påbygging til generell studiekompetanse, der gjennomføringa har uka frå 79,3 til 83,2% i same periode.

Statistikken viser at vi ligg over landsgjennomsnittet på gjennomføring for alle desse utdanningsretningane i førre skoleår.

Totalfråværet blant elevar er synkande

I løpet av dei to siste skoleåra har dette gått ned med 5,2 prosentpoeng frå 9,6 til 4,4.

I tillegg viser tala at elevane gjennomgåande oppgir å ha god trivsel, nok faglege utfordringar, og god støtte frå lærarane i skolekvardagen. 

Når det gjeld tilgang på lærlingplassar, opplever vi enno utfordringar som følgje av konjunktursvingingane i petroleumsindustrien dei seinare åra.

Fylkesutdanningssjefen er svært nøgd med at pila peikar rett veg for både gjennomføring og fråvær:  -Desse resultata viser oss mellom anna at det blir gjort mykje godt arbeid med tilpassa opplæring ute i skolane. Herfrå må vi berre jobbe vidare, for målet vårt innan 2019 er at 79% av elevane i fylket skal gjennomføre vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Dette talet ligg no på 75,6%, seier Brekken.

 

Lese meir? Heile kvalitetsmeldinga for 2017 ligg no ute i den politiske møtekalenderen på mrfylke.no, blant sakspapira til Utdanningsutvalet den 13. november