Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Ingrid Gine Eidsvik er ny rektor ved Upa skole

Kontaktpersonar

Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post
Ingrid Gine Eidsvik Ingrid Gine Eidsvik
Rektor
70 10 67 50 /
Mob. +4741551113
Send e-post

Ingrid Gine Eidsvik er ny rektor ved Upa skole

Ingrid Gine Eidsvik (49) har takka ja til stillinga som rektor ved UPA skole. - Eg er glad for å ha fått jobben som rektor ved Upa skole, og ser fram til å samarbeide vidare med dyktige kollegaer som har eit sterkt engasjement for elevane våre. Dette både i høve det tilbodet dei får ved skolen vår, og korleis dei skal klare å gjere seg nytte av tilbod og tiltak ved heimeskolane sine.

Ingrid Gine Eidsvik er ny rektor ved Upa skole

Eidsvik har vore assisterande rektor ved UPA skole sidan 2008. Ho kjenner skolen godt og har klare tankar for vegen vidare. - Vi ønskjer å legge vekt på at dei elevane som til ei kvar tid er elevar ved Upa skole skal kjenne seg trygge i skolemiljøet vårt, og at vi skal klare å gi dei nye tilnærmingsmåtar til læring og meistringsopplevingar dei kan ta med seg vidare. For å kunne gjere eit best mogleg arbeid kring elevane, legg vi vekt på å ha eit godt og tett samarbeid til dei ulike heimeskolane, sengepost og hjelpeapparat elles. Eit spennande og viktig arbeid, seier Eidsvik.

Ingrid Gine Eidsvik er adjunkt med tilleggsutdanning i m.a. spesialpedagogikk og kognitiv atferdsterapi og barn og unges psykiske helse. Ho har vore tilsett ved Upa skole sidan 1998.