Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Lærlingundersøkinga og Lærebedriftsundersøkinga opnar 16.oktober

Lærlingundersøkinga og Lærebedriftsundersøkinga opnar 16.oktober

I perioden 16.oktober – 23.desember er portalen open for begge undersøkingane.  

Den årlege, nasjonale Lærlingundersøkinga er eit kvalitetsbarometer på korleis lærlingane opplever arbeidskvardagen sin, med for eksempel trivsel, faglege utfordringar og støtte frå instruktørane i bedrifene. Dei oppsummerte resultata frå undersøkinga blir gjort kjent, og viser mellom anna kva som bør blir vektlagt vidare i kvalitetsarbeidet for opplæring i bedrift i Møre og Romsdal.   

 

I Lærebedriftsundersøkinga får lærebedriftene sei si meining om lærling- og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Dei oppsummerte resultata frå undersøkinga blir gjort kjent og gir viktig informasjon om lærlings- og arbeidsmiljøet i lærebedriftene som nyttast vidare gjennom tiltak for å styrke kvalitet og læringsmiljø.

 

Les meir om undersøkingane på nettsidene til Utdanningsdirektoratet