Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ketil Valde
Rådgivar fornybar energi
71 28 03 41 / Mob. 93 03 63 59
Send e-post
Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post

Satsing på klima

Klima, eigen innsats og samarbeid mellom vidaregåande skolar og sentra for fornybar energi i Møre og Romsdal står på dagsorden ved fem skolar dette året. 

Jeroen Linnenbank heldt klimakonsert for elevane på Ulstein og Tingvoll vgs under klimadagen. 

Prosjektet er eit resultat av støtte frå Miljødirektoratet og skal: 

- Gi elevar relevant kunnskap og kompetanse for framtidig arbeidsliv og samfunnsutvikling. Fagkompetansen frå fornybarsentra skal koplast opp mot pedagogisk kompetanse og relevante læreplanmål i VGS. 

- Gi elevane ved kvar skole kunnskap om klima  

- Gjennomføre av  innovasjonscampar  i regi av Ungt Entreprenørskap

- Eitt miljøarrangement ved kvar av dei 5 VGS. 

- Organisere møteplass mellom elevar/skule og kommunen. Elevane skal i dette tiltaket få innsikt i kommunen sin klima og miljøplan og i kva tiltak kommunen har gjennomført. Elevane blir utfordra til å kome med forslag til tiltak i eigen kommune relevant for kommunen sin klimaplan/klima-arbeid. 

- Elevane vil bli utfordra til å velje seg eitt eller fleire personleg klimatiltak som dei skal gjennomføre.  

På miljødagen på Tingvoll vgs 23.10 var det høgt engasjement og elevane diskuterte alt frå lengd på dusjing til bomullsproduksjon, kortreist mat, bærekraft og mykje meir. Elevane vart utfordra på å ta med seg definisjonen til Brundtlandkommisjonen kvar gong dei er i butikken og evaluere kva dei faktisk treng: 

Bærekraftig utvikling blir definert som ei utvikling som tilfredsstiller dagens behov utan å øydelegge fremtidige generasjoner sine moglegheiter til å tilfredsstille behova sine. 

Jeroen Linnenbank
TIngvoll kommune får innspel

Tingvoll kommune fekk mange innspel til det vidare arbeidet med klimaplanen. Onsdag gjennomfører skulen innovasjonscamp med oppdrag frå Tingvoll sol- og bioenergisenter og lokalt næringsliv som tek i bruk bærekraftig energi. Tysdag gjennomførte Ulstein vgs miljødag med klimakonsert og fekk eit lite innblikk i kva kommunen har gjort til no.

Havenergisenteret

Charlotte Hauge frå Havenergisenteret og Stephen Oommen frå fylkeskommunen

Havenergisenteret på Runde deltok også og snakka om korleis plasten til slutt endar opp i maten vi et og inviterte elevane til å kome på utstillinga dei har på senteret om plast. Innovasjonscampen blir her gjennomført i desember.

Dei andre skulane gjennomfører arrangement i løpet av skoleåret. 

Fylkeskommunen har gitt støtte til prosjektet der Regional- og næringsavdelinga og utdanningsavdeling samarbeider med vgs og fornybarsentra.