Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Tilbodshefte til vidaregåande opplæring 2018/2019 er no tilgjengeleg

Kontaktpersonar

Geir Løkhaug Geir Løkhaug
Seksjonsleiar
71 28 03 68 /
Mob. 950 35 375
Send e-post

Dokument

Tilbodshefte vgs 2018-2019
PDF-dokument - 1,97 MB

Tilbodshefte til vidaregåande opplæring 2018/2019 er no tilgjengeleg

I heftet finn du alle undervisningstilboda til dei vidaregåande skolane våre. 

I tilbodskatalogen finn du oversikt over programområda og kva for fag du kan velje. Du finn også informasjon om korleis du går fram når du skal søke.

Frist for å søkje vidaregåande opplæring er 1.februar 2018,  for dei som søkjer om fortrinn eller individuell behandling og for opplæringskontrakt.

For ordinære søkjarar er fristen 1.mars 2018.

Det blir opna for å søke i løpet av første veka i januar.

Vi gjer merksam på at dei som er under 24 år og som ikkje har brukt heile retten til vidaregåande opplæring, kan ha opplæringsrett frå hausten 2018 på grunn av endringar i opplæringslova. Ta kontakt med inntakskontoret på telefon 712 80 150 dersom du trur at du framleis kan ha ungdomsrett.

Tilbodsheftet finn du her