Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Tre deltakarar frå Møre og Romsdal til yrkes-VM

Tre deltakarar frå Møre og Romsdal til yrkes-VM

Søndag 15. oktober startar yrkes-VM i Abu Dhabi. Noreg stiller med totalt 20 deltakarar i 18 fag, og tre av deltakarane er frå Møre og Romsdal.

Det fire dagar lange meisterskapet har ca. 1300 deltakarar frå 76 medlemsland, og er det tredje største meisterskapet i verda. Berre OL og fotball-VM er større.

Dei tre deltakarane frå Møre og Romsdal skal kjempe om sigeren i faga design og søm (Jonas Follestad) og automatisering (Vinjar Vederhus og Espen Brandtzæg Godø).

Worldskills Norway (wordskills.no) fortel at Noreg vanlegvis gjer det bra i internasjonale konkurransar, og at dei har store forventningar til deltakarane i år også.

Du kan lese intervju med alle på yrkeslandslaget på nettsida til worldskills norway.

Les intervju med Jonas Follestad her.

Les intervju med Vinjar Vederhus her.

Les intervju med Espen Brandtzæg Godø her.

 

Vi ønsker Jonas Follestad, Vinjar Vederhus og Espen Brandtzæg Godø lykke til! :)