Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Var du på Karrieredagane i år?

Kontaktpersonar

Rose Mari Skarset Rose Mari Skarset
Seksjonsleiar
71 28 03 76 /
Mob. 915 59 917
Send e-post

Var du på Karrieredagane i år?

Går du i 10. klasse og bur i Møre og Romsdal? Skal du starte på vidaregande skole neste haust? Då håper vi at du besøkte oss på Karrieredagane i år. 

Karrieredagene blei arrangert fem stadar i fylket vårt i september og oktober, og alle 10. klassingar i fylket blei invitert til å delta.

Karrieredagane er eit samarbeid mellom vidaregåande opplæring, høgskolar, opplæringskontor, bedrifter og fleire næringsforum. Målet er at elevane skal ta eit bevisst og rett val, og vi ønsker å hjelpe dei på vegen.

Sist veke blei Karrieredagane arrangert på Høgskulen i Volda. Seksjonsleiar Rose Mari Skarset frå utdanningsavdelinga heldt opningstale til elevane på torsdag. Ho peika på at elevane har eit viktig val framfor seg. Dei må bruke tida godt fram til valet, vere nysgjerrige og bruke alle gode hjelparar til å reflektere på kva som er det rette for dei.