Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > 1001 søkarar har fått læreplass

1001 søkarar har fått læreplass

Det har vore ein  auke i talet på formidla læreplassar dei siste åra, og i 2018 er det inngått 106 fleire lærekontraktar enn i 2017.

Elektrikarfaget er eit av faga der det er inngått flest lærekontraktar.

Foto: Rune Hagen

Dei fleste er innanfor elektrikarfaget, tømrarfaget og helsearbeidarfaget. Det er òg starta opp alternativ vg3 fagopplæring i skole i elektrikarfaget, helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget, i alt 42 takka ja til dette.

Formidlinga for 2018 vart avslutta 1. november. Per 10. desember 2018 var det registrert 1377 primærsøkarar, inkludert alle med og utan rett. Dette er søkarar til læreplass frå Vg2 og Vg3. Samanlikna med 2017 var talet 1335, og i 2016 var det 1210. Det er registrert flest søkarar i helsearbeidarfaget, elektrikarfaget og tømrarfaget.

Fleire årsaker

Det er fleire årsaker til at det er 376 søkarar som står utan læreplass. Innanfor nokre område er det fleire søkarar enn talet på læreplassar. For andre område er det både ledige læreplassar og nok søkarar, men søkarane er ikkje er villig til å flytte på seg for å få læreplass.

20 søkarar til læreplass som står utan tilbod per 10. desember, er overført til Oppfølgingstenesta (OT).