Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Elevar vann Norsk CanSat på Andøya

Elevar vann Norsk CanSat på Andøya

Sist veke vann elevar frå Atlanten videregående skole den norske delen av konkurransen i å bygge "brusbokssatellitt" på Andøya Space Center. Dei konkurrerte med elevar frå andre vidaregåande skolar i Noreg, Sverige og Finland.  

Frå venstre: Karoline Kallset, Henrik Brunsvik, Tonje Haugen og Marius Eresvik
Foto: Gabriel Slørdahl

No er dei kvalifisert til europeisk finale i Azorene i slutten av juni.

Satellitten er utvikla etter en ide frå en Karoline Kallset. Den skal finne ut om det er ørsmå plastpartiklar som blir sendt rundt med luftstrømmane.

–Disse kallar vi nanoplast. Det morsosame er at når vi begynte å arbeide med ideen var det nesten ingen fagartiklar om fenomenet, men no har det komme mange. Det ser ut som om vi er tidleg ute med å prøve å påvise dette. Satellitten vart i dag endeleg godkjent for å bli sendt opp. Før dette var det høg stressfaktor på gruppa. Radiosystemet i satellitten hadde slutta å virke. Etter mange timar med feilsøking fann vi skadar på eit kretskort. Gleda var stor når den virka perfekt, fortel elevane. 

Juryen var frå ESA (European Space Agency) i Noreg.