Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Elevundersøkinga 2018-2019

Kontaktpersonar

Monica Solheim Monica Solheim
Rådgiver
71 28 03 99 /
Mob. 930 27 676
Send e-post

Elevundersøkinga 2018-2019

I Elevundersøkinga får elevane seie si meining gjennom å svare på ei rekke spørsmål om forhold som er viktige for læring og trivsel i skolen. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga.

I Møre og Romsdal svarte heile 89,3 prosent av elevane på dei vidaregåande skolane på undersøkinga. Resultata frå Elevundersøkinga blir nytta av skolar og skoleeigar som ei hjelp til å analysere og utvikle elevane sitt læringsmiljø, og legg føringar for kvalitetsarbeidet innan vidaregåande opplæring i fylket.

-

Resultata i Møre og Romsdal viser til ei positiv utvikling på dei fleste av områda samanlikna med førre skoleår. På spørsmål som handlar om motivasjon, felles regler, læringskultur, vurdering for læring, utdanning og yrkesrettleiing, støtte heimafrå, fagleg utfordring, elevdemokrati og medverknad viser resultata framgang.

Samanlikna med andre fylke ligg resultata i Møre og Romsdal på same nivå. Men på spørsmål som handlar om læringskultur viser Møre og Romsdal til eit betre resultat enn landsgjennomsnittet. 

Vurdering for læring og elevdemokrati og medverknad er tema som skil seg ut ved å vise lågast skår både på landsbasis og i Møre og Romsdal. Sjølv om resultata i Møre og Romsdal viser ei positiv utvikling på områda må vi fortsatt arbeide for å bli betre. 

Elevundersøkinga viser og tal på elevar som seier dei blir mobba. 3,7 prosent av elevane seier dei blir mobba i dei vidaregåande skolane i fylket. Samanlikna med førre skoleår har talet gått ned med 0,9 prosentpoeng. Samanlikna med landsgjennomsnittet er det færre elevar som seier dei blir mobba i Møre og Romsdal enn i landet elles.   

Spørsmåla i Elevundersøkinga og meir informasjon finn du på udir.no.