Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Er du født i 1994 eller seinare? Du kan likevel ha rett til vidaregåande opplæring

Kontaktpersonar

Laila H.Tretnes Nielsen Laila H.Tretnes Nielsen
Rådgivar
71 28 03 73
Send e-post

Er du født i 1994 eller seinare? Du kan likevel ha rett til vidaregåande opplæring

-Fleire ungdomar som tidlegare hadde mista retten til vidaregåande opplæring, den såkalla ungdomsretten, kan likevel ha rett til vidaregåande opplæring, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.

Ny regel gjer at du som er født i 1994, eller seinare, forsatt kan ha rett til å søke vidaregåande opplæring.
Illustrasjonsfoto: Fagerlia vgs

Ei endring i opplæringslova (§ 3-1) gjer at enkelte ungdommar mellom  21 og 24 år, kan ha fått tilbake ungdomsretten. -Dette gjeld sjølv om dei tidlegare, under den gamle ordninga, har fått melding om at dei har brukt opp fristen til å ta ut ungdomsretten sin, fortel Brekken.

Ikkje lenger krav om fem år

Den nye regelen seier at ungdom som har fullført grunnskole eller tilsvarande opplæring, har rett til tre års vidaregåande opplæring. Ungdomsretten gjeld til og med det skoleåret som startar det året søkaren fyller 24 år. Det er ikkje lenger krav om at ungdomsretten må bli tatt ut i løpet av ein samanhengande periode på fem år. Ved inntaket til skoleåret 2018-2019 omfattar ungdomsretten søkarar som er født i 1994, eller seinare. Dei må også ha igjen minst eitt år av ungdomsretten.

Søknadsfristen er 1.  mars

Fylkesutdanningssjefen oppmodar alle mellom 21 og 24 år som ønsker å søke vidaregåande opplæring, om å søke innan fristen 1. mars 2018. Dette gjeld personar som er folkeregistrert i Møre og Romsdal. Behandlinga av søknaden vil vise om dei har igjen av opplæringsretten sin eller ikkje.

Søknad sender du inn via www.vigo.no og du brukar ID-porten for å logge inn (MinID eller BankID).

Søkarane kan sjølv følgje med på vigo.no kva rett dei har, frå april og fram til slutten av juni.