Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > European Space Camp 2018 – mi oppleving

European Space Camp 2018 – mi oppleving

Vener, verdsrommet, sosiale aktivitetar og ei ellevill rakettoppskyting. Mitt namn er Andreas Myklebust, og denne sommaren fekk eg delta på romfartsleir.

Gruppebilete etter eit simulert romoppdrag i SPaceship Aurora. Foto: Gaute Hoen (Team Space camp)

Mi oppleving var heilt ekstraordinær. Omringa av dei fantastiske omgivnadane og folka på Andøya Space Center, skulle eg og 22 andre engasjerte og likesinna tenåringar planleggje og gjennomføre ei rakettoppskyting der vi styrte operasjonen frå konstruksjon til oppskyting og flygingsanalyse. I tillegg til dette gjorde vi mykje artig gjennom sosiale aktivitetar, og eg gløymer aldri dei kveldane vi satt med det mest intense brettspelet på planeten.

Solcellepanel frå Hubble Space Telescope

Solcellepanel frå Hubble Space Telescope. Foto: Andreas Myklebust

Vi romentusiastane fekk vere med på interessante forelesningar frå eineståande europeiske lærarar, der det bl.a var fokus på CERN, nordlys og solfysikk, rakettmotorar og Mars. Det vart gjort fleire eksperiment, t.d med infraraudt kamera. Ein av lærarane viste oss eit faktisk eksemplar av eit solcellepanel frå Hubble Space Telescope som hadde vore uheldig med ein mikrometeoritt. Gjett om det var ei unik oppleving!

Gruppebilete med raketten

Gruppebilete med raketten. Foto: Sophie Cottis-Allan

Ved slutten av veka kom sjølvsagt høgdepunktet for alle, rakettoppskytinga. For eit syn, og for ei kjensle å ha tatt del i noko slikt! Vi analyserte data frå sensormålingane gjort frå raketten og presenterte dei som vaskeekte rakettforskarar. Få ord kan beskrive det utrulege opphaldet eg har hatt på Andøya i sommar, men det var utan tvil sabla gøy!

Mangoose rakett

Rakett av typen vi brukte under oppskytinga. Foto: Andreas Myklebust. 

Til slutt vil eg takke Møre og Romsdal fylkeskommune for å ha finansiert opphaldet, og ikkje minst Team Space Camp og NAROM som har gjort dette til ei oppleving for livet. No etter romfartsleiren har eg oppnådd djupare sjølvinnsikt og er meir sjølvsikker på kva eg vil drive med i framtida.

Skrive av:  Andreas Myklebust