Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > - Fenomenalt tilbod frå Fylkeskommunen!

Kontaktpersonar

Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post
Gry Rishaug Hansen Gry Rishaug Hansen
Rådgivar
71 28 03 98 /
Mob. 416 43 033
Send e-post

- Fenomenalt tilbod frå Fylkeskommunen!

Dette seier ein av lærarane som onsdag 16.januar deltok på oppstarten av vidareutdanningstilbodet som Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune tilbyr.

Debatten har gått høgt om den frustrasjonen som digitale verktøy skaper i vidaregåande opplæring. Elevar som forsvinn på Facebook, som spelar vekk store perioder av tida i skulen og lærarar som ikkje kan å bruke verktøya.  Fjern det frå skulen, er svaret frå nokon. Andre ønskjer meir bruk av digitale verktøy. Men alle er samde om at styringa av bruken er avgjerande for utbyttet.

- IKT skal gi auka læring

 

Yrkesfagslærarane Ingunn Haugen og Roy Tvedt frå Sunndal vgs tek dette semesteret  modulen om klasseleiing og IKT. Ingunn er relativt ny som lærar i vidaregåande og tek studiet som ein del av det å bli kjent med skulesystemet og det å vere lærar.  Å få meir formell kompetanse på dette temaet er viktig for begge.

- Dette er eit fenomenalt tilbod frå Fylkeskommunen som det ikkje går ann å seie nei til, seier Ingunn. Roy har drive med pedagogisk bruk av IKT sidan 1994 og tek studiet fordi han er nysjerrig.– Har eg gått glipp av noko? Det er så viktig i ein pressa skulekvardag å sile kva som gir meir verdi og kva som er tidstjuv. IKT skal brukast for å auke læringa, ikkje som sysselsetting!, seier Roy. - Det er viktig for oss lærarar er å følgje med på kva ungdommen gjer på og ikkje stagnere, er begge enige om. Dei oppfordrar andre lærarar i vidaregåande å bruke dette tilbodet.

 
Lærarar på vidareutdanning

 

 

Behov for meir kompetanse

Nyweb står som ansvarleg for studiet i samarbeid med Universitetet i Stavanger. Rådgivar Gry Hansen hos fylkesutdanningssjefen seier at bakgrunnen for tilbodet er at lærarane gjennom fleire undersøkingar har gitt uttrykk for behov for meir kompetanse på dette området. - Målet er at digitale læremiddel og verktøy skal vere ei støtte for læring, og ikkje til hinder. Då må lærarane vere trygge på målsetjinga med å bruke verktøya og korleis dei kan utnyttast pedagogisk.   Digitale verktøy og læringsressursar kan vere kjempegode verktøy for å oppnå den kompetansen som elevane skal ha, men det må ha ei klar pedagogisk målsetjing, seier Gry Hansen. 

 

- Lærarane er lei av å ligge bakpå

Førsteamanuensis Øystein Sæbø ved Høgskulen i Agder og fagansvarleg i Nyweb meiner det er ikkje viktig kva type teknologi vi brukar, men korleis vi brukar den. - Det er viktig å ikkje framandgjere lærarane i forhold til teknologien. Teknologien skal berre støtte pedagogikken. No er lærarane lei av å ligge bakpå! Det finst fantastisk mange moglegheiter som teknologien kan brukast pedagogisk. Utfordringane er å klare å ta i bruk IKT på ein pedagogisk måte og ta den samfunnsmessige konsekvensen av at så mykje teknologi har flytta inn i klasserommet. Sæbø si erfaring er at lærarane gjennom denne type studie blir tryggare på kva dei skal bruke teknologien til. Den største endringa skjer der fleire lærarar har teke studiet. - Mange stader er det einslege eldsjeler og då vil ikkje dette få så store endringar i praksis ved skulen, seier Øystein. Gjennom studiet får lærarane utvida verktøykassa si og får fleire moglegheiter. - Å ha klasserommet fullt av teknologi kan øydeleggje dersom ein ikkje har eit mål, kvifor og korleis ein skal bruke teknologien. Då er klasseleiing viktig, ifølgje Sæbø.



Vidareutdanning lærarar
 

 

Studiet er nettbasert, kvar modul gir 15 studiepoeng og blir avslutta med ein heimeeksamen. Meir om tilbodet kan du lese på nettsidene til Fylkeskommunen:

http://mrfylke.no/Intranett/Tenesteomraade/Utdanning/Presentasjonar-og-samlingar/Vidareutdanning-IKT