Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Fleire søker naturbruk, medan det er stor nedgang for medier og kommunikasjon

Kontaktpersonar

Geir Løkhaug Geir Løkhaug
Seksjonsleiar
71 28 03 68 /
Mob. 950 35 375
Send e-post
Laila H.Tretnes Nielsen Laila H.Tretnes Nielsen
Rådgivar
71 28 03 73
Send e-post

Fleire søker naturbruk, medan det er stor nedgang for medier og kommunikasjon

Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars, hadde 3459 ungdomar søkt om skoleplass på Vg1 for skoleåret 2018/2019. Dette er 175 færre enn i fjor. Mindre årskull og færre elevar som gjer omval, er hovudgrunnane til nedgangen.  – I år ser vi at naturbruk er populært, medan det er svak søking til Vg1 medier og kommunikasjon, seier Geir Løkhaug seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er 25 prosent færre som har søkt medier og kommunikasjon til neste skoleår. 
Foto: Molde vgs

Til yrkesfaga er det svakare søknad til vg1 restaurant og matfag og vg1 design og håndverk, elles held søkinga til yrkesfaga seg stabilt. Til dei studieførebuande utdanningsprogramma er søkinga svakare enn i fjor.

Nedgang i søkinga til studieførebuande utdanningsprogram

Til dei ordinære studiespesialiserande tilboda viser søkinga ein nedgang på om lag 10 prosent.

Faga idrettsfag og musikk, dans og drama som i fjor opplevde ein auke, opplever i år ein nedgang søkartala på nesten 16 prosent til idrettsfag og nesten 14 prosent til musikk, dans og drama. Søkinga til Vg1 medier og kommunikasjon er framleis svak, med ein nedgang på heile 25 prosent. Søkinga til Vg1 kunst, design og arkitektur går litt fram, men søkinga til dette tilbodet er framleis låg.

Naturbruk populært, helse og oppvekstfaget framleis mest søkt

Naturbruk er framleis populært og aukar med nesten 25 prosent.

Nedgangen i søkinga til restaurant og matfag fortset. Det er kritisk for faget at berre 82 søkarar har dette utdanningsprogrammet som primærønske, ein nedgang på 17 prosent.
Eit populært fag som elektro har 5 prosent færre søkarar i år.
Det er gledelig å sjå at helse – og oppvekstfaget framleis er populært og har auka søkinga med om lag 4 prosent. Helse og oppvekstfag er det yrkesfaget med størst søking, seier Løkhaug.

Medier og kommunikasjon og Design og handverk

Søkinga til desse utdanningsprogramma hadde den største nedgangen i 2017.

Medier og kommunikasjon har fortsatt låg søking. Nedgangen i søkinga er på 25 posent. Design og handverk har 73 primærsøkarar, det er ein nedgang på nesten 9 prosent.

TIP har snudd trenden

Etter ein markant tilbakegang i søkinga til teknikk og industriell produksjon (TIP) i fjor, er søkinga til utdanningsprogrammet betre i år. Om lag 9 prosent fleire søkjer TIP i år.

-Kanskje viser desse tala at elevane opplever at dei verste vanskane innanfor industri- og verftsnæringa er over, seier Løkhaug.

Utfordring å skaffe nok læreplassar

Talet på søkarar til læreplass er auka til 1282, noko som er 59 fleire enn i fjor. Det er berre små forskjellar i talet på søkarar til dei ulike faga. Vi ser ein liten nedgang i industrifaga som industrimekanikarfaget og sveisefaget. Maritime fag held seg stabilt, men vi ser ein liten nedgang i elektrikarfaget.

Fag som har ein auke er helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget.
– Vi vil også i år legge opp til ei mobilisering for å skaffe fleire læreplassar, og vi vonar at særleg kommunar ser verdien og nytta av å ta inn lærlingar særleg innan helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Lærlingar er ein verdifull ressurs som vi må sjå potensiale i, seier Løkhaug. 

Vel tradisjonelt

Det er ikkje store endringar i fordelinga i søkinga til studieførebuande og yrkesfaga. Søkinga til vidaregåande opplæring er framleis tradisjonell. Gutar søker til Elektrofag, Bygg og anleggsteknikk og Teknikk og industriell produksjon. Jentene søkjer til Design og handverk, Kunst, design og arkitektur, Musikk, dans og drama og Helse- og oppvekstfag. Fleire jenter enn gutar søker Studiespesialisering.