Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Fylkeskommunen deltek på Yrkesfaga sitt år 2018

Kontaktpersonar

Nina Skovly Nina Skovly
Rådgivar
71 28 03 84 /
Mob. 920 80 322
Send e-post

Fylkeskommunen deltek på Yrkesfaga sitt år 2018

Kunnskapsdepartementet har bevilga fem millionar til Yrkesfaga sitt år 2018.

Fylkeskommunen har i fleire år arbeidd for å auke interessa for yrkesfag. 

Oppdraget er gitt til Wordskills Norway, som er ansvarleg for kampanjen som skal gå gjennom heile året. Møre og Romsdal fylkeskommune er glade for dette. - Vi har dei siste åra arbeidd målretta for å få fleire bedrifter til å opprette læreplassar og ta inn lærlingar. Sidan 2016 har vi hatt ein årleg kampanje, retta mot arbeidslivet, og vi ser at det nyttar, seier Nina Skovly som er rådgivar ved utdanningsavdelinga. 

1. februar er det kick-off i Trondheim, og her vil utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune vere representert. - Vi er glade for at det blir ein landsomfattande kampanje som skal gi betre innsikt om yrkesfag og auke interessa, seier Skovly. 

Bilde av logoen til yrkesfagenes år

Les meir på nettsida til kampanjen

Kva er Worldskills?

Worldskills Norway er ein ideell organisasjon som arbeider for å betre statusen, interessa og kvaliteten på norsk yrkesutdanning.
Dei har ansvaret for det norske Yrkeslandslaget som annakvart år deltek i Yrkes-VM og Yrkes EM.