Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Har du lyst til å delta på romfartsleir?

Kontaktpersonar

Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post

Har du lyst til å delta på romfartsleir?

Da kan du konkurrere om 1 stipendplass som fylkeskommunen disponerer hos NAROM. 

Du må:

  • Vere i alderen 17-20 år (Deltakarar kan ikkje fylle 21 år i løpet av året campen blir halden. Dersom deltakaren er 16 år og fyller 17 år i løpet av året er det likevel mogleg å delta om dei andre kriteria er oppfylte)
  • Ha matematikk som fag frå vidaregåande skole (Fy1/Kj1 og/eller 2P/R1)
  • Meistre engelsk både skriftleg og munnleg (deltakarane må snakke engelsk under heile opphaldet)
  • Ha gode evner til samhandling
  • Legge ved ein attest frå skulen der samarbeidsevner, språkkunnskap og realfagskompetanse kjem fram
  • Send ein søknad der du skriv litt om deg sjølv og kvifor du ønskjer å reise på leir 

Les meir om leiren og opplegget på NAROM sine nettsider

Søknadsfrist er 21.3. til post@mrfylke.no med kopi til: kristin.glastad.vonheim@mrfylke.no Merk emnefeltet med: European Space Camp

Det er også mogleg å søkje direkte til NAROM om å få delta på camp. Her gjeld andre fristar.