Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Gry Rishaug Hansen Gry Rishaug Hansen
Rådgivar
71 28 03 98 /
Mob. 416 43 033
Send e-post
Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post

Impulskonferansen 2012

Impulskonferansen 2012 om pedagogisk bruk av IKT i skulen vart arrangert i Ålesund i oktober. Vel 200 lærarar deltok på konferansen som i år hadde tema om opphavsrett, omvendt undervisning, nettbrett, bruk av spel i undervisninga m.m. Konferansen i år vart opna av fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen. Impulskonferansen er eit samarbeid mellom fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og det er 2.året konferansen vert arrangert.

Impulsar

Målet med konferansen er at lærarar skal få og gi impulsar frå andre lærarar. Fleire av parallellforedraga vart haldne av lokale lærarar. Mellom anna fekk deltakarane lære seg å lage undervisningsfilmar av Vidar Sæther, lærar ved Fagerlia vgs.

Undervisningsfilmar

Omvendt undervisning

Elisabeth Engum, lektor i matematikk frå Bjørgvin vgs hadde foredrag om omvendt undervisning. Ho delte erfaringane sine med denne metodikken. Elevane ser video heime som lekse og får tid til fagleg fordjuping i timane. Dei som ønskjer det kan sjå opp igjen filmen om det var ting dei ikkje forstod eller fekk med seg. Slik meiner ho at ein frigjer tid i klasserommet til rettleiing av elevane.

Seinare på dagen snakka Wilhelm Egeland, lektor ved Frogn vgs, om digital studieteknikk.

Elisabeth Engum

Unge og media

Elisabeth Staksrud
  Fredagen heldt Elisabeth Staksrud, mediaviter frå UiO, eit engasjerande foredrag om forskning på unge og media. Ho meiner at vi veit mykje om barn og nettbruk og at det stort sett går bra med dei. Internett er viktig i liva til ungane og dess tidlegare barn brukar internett, dess meir lærer dei seg og dess betre går det. Risiko er ikkje farleg, men skade er farleg. Forsamlinga var engasjert med og hadde mange spørsmål.

Nettbrett

Nettbrett var eit viktig tema i konferansen. Hafstad vgs og Dale vgs har eit eige prosjekt med  Samsung Slate 7 og Windows 8.
Windowsbrett
iPad-prosjektet Sunndal
Elevar frå Sunndal vgs fortalte om erfaringar dei har gjort gjennom iPad-prosjektet sitt.
Elles var fleire læremiddelprodusentar representerte: NDLA, Kikora, Aschehoug og TV2-skole var mellom desse. Deltakarane kunne snakke med dei eigne stands og i tillegg vart ressursane presenterte på workshop under konferansen.
Kikora

Deltakarane var aktive under heile konferansen gjennom direkte spørsmål til foredragshaldarar og utstillarar og på sosiale media som Facebook og Twitter.

Meir om foredraga, streaminga og programmet finn du på mrfylke.no/impuls.