Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Lærlingar førebur seg til første møtet med arbeidslivet

Kontaktpersonar

Tove Regine Stranden Tove Regine Stranden
elev- og lærlingombod
71 28 04 66 /
Mob. 993 01 564
Send e-post

Lærlingar førebur seg til første møtet med arbeidslivet

Kva rettar og plikter har ein lærling? Kva skal lærlingane gjere dersom dei ikkje får god nok opplæring eller møter andre utfordringar? No blir hundrevis av lærlingar samla på Nordmøre, Sunnmøre og i Romsdal for å få meir informasjon om kva som ventar dei i læretida.

Korleis vert det første møtet med arbeidslivet? Hundrevis av lærlingar deltar no på samlingar for å førebu seg til læretida.

Dette året passerte Møre og Romsdal fylkeskommune 1000 signerte lærekontraktar første uka i september. Det er rekordmange så tidlig i året. For at dei skal få ein god start på læretida, har utdanningsavdelinga i fylkeskommunen, Landsorganisasjonen i Norge (LO) og elev- og lærlingombodet invitert til samling i dei tre regionane.

Møter utfordringar

- Vi veit at mange møter utfordringar når dei går frå skole til lærebedrift og syns det er vanskeleg. På skolen er dei godt beskytta, men i bedrifta er det heilt andre reglar, ein annan kultur og oppfølging. Kvardagen blir heilt annleis enn kva dei er vane med, seier Tove Regine Stranden, elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Samlinga skal bidra til ein god start.

- Å få ein god start på læretida er viktig for å utdanne gode fagarbeidarar. Næringslivet etterlyser stadig meir faglært arbeidskraft, og det blir arbeidd hardt for å heile tida kunne tilby nok læreplassar til dei ungdommane som vel yrkesfag. Læreplassane ungdommane får må kunne gje god opplæring og oppfølging. Vi vil bidra med ei god førebuing, seier Stranden.

Justere forventningar

Gjennom samlinga skal lærlingane og lærekandidatane få mange gode tips og råd. Ved hjelp av informasjon og diskusjon skal dei få ei forståing for korleis opplæringa i bedrift skal vere, kva dei kan forvente av lærebedrifta og kva lærebedrifta forventar av dei.

- For lærlingane er det greitt å vite litt kva som ventar dei og korleis partane i arbeidslivet verkar saman. Lærlingane har også sjølve eit ansvar for å engasjere seg i eiga læring, seier Stranden.

Det er Fylkeskommunen, lærebedrifta og opplæringskontor som er ansvarleg for at lærlingane får opplæring av god kvalitet.

Totalt er det kring 2000 lærlingar i fylket. 2018 er Yrkesfagenes år.

Finn meir informasjon og program for dei ulike samlingane.

 

25.09.2018  Molde                        Romsdal vg skole, store auditorium

27.09.2018  Kristiansund               Kristiansund vg skole, Braatthallen

09.10.2018  Ålesund                     Borgund vg skole, store auditorium