Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Margaret Alme ny rektor ved Ulstein vidaregåande skule

Margaret Alme ny rektor ved Ulstein vidaregåande skule

Margaret Alme (48) er tilsett som rektor ved Ulstein vidaregåande skule. Ho tek til i stillinga 01.08.10.

Margaret Alme (48) er tilsett som rektor ved Ulstein vidaregåande skule.

- Dette vert spennande. I utgangspunktet meiner eg at eg kjenner Ulstein vidaregåande skule godt, etter både å ha vore elev der og seinare tilsett som lærar og leiar ved skulen. Men etter å ha vore borte frå skulen i seks og eit halvt år, er det mykje som kan ha endra seg. Fleire av dei tilsette har eg jobba i lag med tidlegare, men mange nye er også komne til.

 

- Skulen er den største på søre Sunnmøre, og den ligg i eit område med eit spennande næringsliv. Vi har vel heller ikkje fullt ut sett konsekvensane av Eiksundsambandet for denne regionen. Skulen er ein kombinert skule og har eit spennande spenn i utdanningstilbodet. Eg ser fram til å bli kjent med skulen på nytt, seier Margaret Alme.

 

Alme er utdanna ved Universitetet i Bergen, og tok graden Cand. Scient. I 1986. Ho har hovudfag i fysikk og har i tillegg utdanning i matematikk og geologi. I 1992 tok ho praktisk pedagogisk utdanning.

 

Margaret Alme starta si yrkeskarriere som systemkonsulent innafor IT-bransjen, og har etter 1989 vore tilsett i forskjellige stillingar i skuleverket i Møre og Romsdal, først som lektor i Ulstein kommune, seinare ved Ulstein vidaregåande skule.

 

Frå 1995 har ho hatt forskjellige leiarstillingar ved fleire vidaregåande skular i fylket, m.a. var ho vikar for rektor ved Ulstein vidaregåande skule frå 1998 til 2003.

 

Alme er no rektor ved Volda vidaregåande skule og vil starte opp i stilling ved Ulstein vidaregåande skule 01.08.10.

 

Kontaktpersonar:

 

Per Hoem – fylkesutdanningsdirektør, mob. 950 65 597

Margaret Alme, mob. 958 39 744