Kontaktpersonar
Millionar til programmering i skolen
Fem av dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune fått tilskot til utstyr for programmering i skolen i ordninga Den teknologiske skolesekken.
Utlysinga er eit av fleire tiltak under den femårige satsinga Den teknologiske skolesekken (2018-2022). Mål for satsinga er å bidra til at elever får
kunnskap om og forståing for teknologi, algoritmisk tenking, programmering og tilgang til gode digitale læremiddel.
Målet med tilskottsordninga er å gi elevane kunnskap om og forståing for algoritmisk tenking og programmering, gjennom at lærarar som har
gjennomført kompetanseheving i programmering får tilgang på nødvendig utstyr. Tilskottet skal nyttas til utstyr for programmering til bruk i
klasserommet, og skal medverke til at lærarane får moglegheit til å bruke sin kompetanse i programmering.
Det er totalt løyvd 15 millionar til denne ordninga på landsbasis og fem fylkeskommunar fekk midlar.
I Møre og Romsdal fylkeskommune var det Ålesund vgs, Ulstein vgs, Spjelkavik vgs, Rauma vgs og Borgund vgs som fekk midlar gjennom ordninga.
Dei som ikkje fekk støtte i år har moglegheit til å søke dei neste fire åra.
Oppdatert: 16.11.18