Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Mogleg streik på fem vidaregåande skolar frå fredag 24. mai

Kontaktpersonar

Preben Geir Irvung Preben Geir Irvung
Personalsjef
71 28 04 58 /
Mob. 482 05 539
Send e-post
Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post

Mogleg streik på fem vidaregåande skolar frå fredag 24. mai

Over 200 lærarar ved fem vidaregåande skolar i Ålesundsregionen, står i fare for å bli tatt ut i streik komande fredag.

Borgund vgs er ein av fem skolar som står i fare for å bli tatt ut i streik på fredag

Foto: Helge Solevåg

Skolane som har fått varsel er Ålesund, Fagerlia, Spjelkavik, Borgund og Fagskolen i Ålesund. Det er ulikt frå klasse til klasse, kor stor innverknad streiken får for elevane. Alle elevar som blir ramma av streiken, vil få informasjon direkte frå skolen sin. Det er difor viktig at alle elevar møter på skolen til vanlig tid fredag 24. mai, med mindre du får beskjed om noko anna frå skolen din.

Skriftleg eksamen vil bli gjennomført

Alle skriftlege eksamenar under ein eventuelt streik vil bli gjennomført, da det er rektor som er ansvarleg for gjennomføringa. Dette gjeld også eksamen som er lagt til fredag 24. mai.

Munnleg eksamen kan bli ramma

Munnleg eksamen er avhengig av faglærar, og dersom denne faglæraren er tatt ut i streik, kan ikkje eksamen bli gjennomført.