Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Norgesmeistrar i yrkesfag!

Norgesmeistrar i yrkesfag!

Nærare 280 ungdommar frå heile Norge konkurrerte mot kvarandre i sine respektive fag under yrkes-NM på Lillestrøm 31.oktober – 2.november. Frå Møre og Romsdal deltok 10 ungdommar, og 4 av dei kom heim til fylket med medaljar i edelt metall.

Amalie Henriksen og Stine Kipperberg vart norske meistrar i helsearbeidarfaget og Asgeir Monsøy Walderhaug vart norsk meister i industrimekanikarfaget.

asgeir 3
 
amalie og stine 3
Asgeir er lærling hos Rolls Royce Marine AS i Haram og kjem frå Hildre.   Amalie og Stine er til dagleg lærlingar i heimetenesta i Ålesund. Amalie er frå Rovde og Stine er frå Ålesund.

 

I rørleggarfaget tok Lasse Kleveland 3. plass samstundes som han gjennomførte sin sveineprøve med glans. Han er frå Molde og lærling hos Elmo Teknikk.

10 deltakarar frå Møre og Romsdal 

Flott innsats også frå Marius Flemmen i bilmekanikarfaget, Vegard Johansen og Adrian Rørseth i snikkarfaget, Henrik Nørve og Øyvind Seljeseth i anleggsmaskinførarfaget og Christoffer Skaget i kulde- og varmepumpemontørfaget. Å skulle jobbe i ein stor utstillingshall og med eit tusentals publikummarar til stades, er svært krevjande. All respekt for dei som klarer å yte sitt beste og konkurrere under slike tilhøve.

Opplæringskontora er viktige 

Alle medaljevinnarane er knytt til opplæringskontor: Lasse til Rørleggerbedriftenes opplæringskontor Møre og Romsdal, Stine og Amalie til Sunnmøre kommunale opplæringskontor og Asgeir til Opplæringskontoret i Haram. Seksjonsleiar for fag- og yrkesopplæring i Møre og Romsdal Inger Anita Sjømæling seier dette om opplæringskontora sin rolle i fagopplæringa:

- Opplæringskontora er ein svært god samarbeidspartnar for fylkeskommunen, og det er med glede at vi ser at konkurransar i yrkesfag er sett på dagsordenen. Det gir inspirasjon og motivasjon både for dei som sjølve deltek og for heile bransjen dei høyrer til.

WorldSkills Norway 

Elisabeth Lange frå WorldSkills Norway rår også til å delta i konkurransar i yrkesfag. WorldSkills Norway arrangerer kvart andre år yrkes-NM. Samstundes med yrkes-NM blir også ei yrkesmesse med informasjon om alle utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring arrangert. Dette er store arrangement det er spanande å ta del i og kanskje blir det også høve til å treffe ein minister eller to? På Lillestrøm var t.d. ministrane Kristin Halvorsen, Trond Giske og Jonas Gahr Støre til stades.

Vidare til VM 

Våre vinnarar i helsearbeidarfaget er kvalifiserte til VM i Tyskland (Leipzig) i juni neste år. Før det skal dei jobbe nokre veker på eit rehabiliseringssenter i solvarme Florida. Alle som skal til VM og ikkje har engelsk som morsmål får tilbod om ei slik språkreise, fortel Amalie.

Vi ønskjer alle våre deltakarar frå Møre og Romsdal lykke til vidare! Spesielt lykke til ønskjer vi dei som skal konkurrere i VM!