Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheter > Ny rektor ved Atlanten videregående skole

Ny rektor ved Atlanten videregående skole

Trond Hjelle (38) er tilsett i og har takka ja til stilling som rektor ved Atlanten videregående skole.

-Atlanten videregående skole er ein skule i flott utvikling med svært sterk fagleg kompetanse og positive og motiverte elevar. Eg ser fram til å lede teamet som saman med elevar og ansatte skal vidareutvikle skulen slik vi fortsatt skal være en kvalitetsmessig god og viktig brikke i utdanning av dei unge i regionen, seier Trond Hjelle.

Hjelle har informasjonsutdanning og utdanning i samfunnsfag og historie samt praktisk pedagogisk utdanning frå Høgskulen i Volda. I tillegg har han økonomisk administrativ utdanning frå Høgskolen i Molde.

Trond Hjelle har vore tilsett ved forskjellige vidaregåande skolar i fylket sidan 2000, dei siste åra ved Atlanten videregående skole. Frå 2008 har han vore tilsett i stilling som avdelingsleiar ved skolen.

Hjelle tek til i stillinga som rektor allereie denne veka.

Kontaktpersonar:
Sverre Hollen – fylkesutdanningssjef, mob. 950 65 574
Trond Hjelle, mob. 419 28 271