Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ivar Rød Ivar Rød
Rektor
71 28 33 01 /
Mob. 990 90 108
Send e-post

Ny rektor ved Romsdal vgs

Ivar Rød (45) er tilsett som rektor ved Romsdal videregående skole, og tek til i stillinga umiddelbart.
- Å bli rektor på Romsdal videregående skole er ei oppgåve eg er både stolt og audmjuk over, seier Rød.

Som rektor skal han leie ein skole der 1000 menneske har kvardagen sin, spreidd med undervisning både i Langmyrvegen, på Nesjestranda, Bergmo, gamle sjukepleieskolen i Molde og ved Hustad fengsel.
- Eg har arbeidd på skolen i snart tre år som assisterande rektor og fått god innsikt i, og stor respekt for den fantastiske jobben dei tilsette og elevane gjer ved skolen. Romsdal videregående skole har eit breitt fagtilbod, og gjennom dei to siste åra har vi arbeidd målretta med å bygge ein felles identitet og plattform på tvers av fag og avdeling. Dette arbeidet har vore inspirerande og gjer at eg kjenner meg trygg på at vi kan vidareutvikle skolen til ein solid og god læringsarena. Frå hausten skal vi ta til i eit stort nasjonalt utviklingsprosjekt ”Betre læringsmiljø” i regi av Utdanningsdirektoratet, eit arbeid eg ser fram til, avsluttar Rød.
Rød var utdanna som adjunkt ved Høgskolen i Volda i 1989. Han har seinare gjennomført vidareutdanning innafor m.a. IKT, offentleg forvaltning og offentleg rett, og er no i gang med mastergrad i skoleleiing. Han har leiarutdanning frå forsvaret og har vore områdesjef i Aukra, Midsund og Sandøy. Han har òg vore stabsoffiser i Molde heimevernsområde.
Nyrektoren ved Molde vgs har hatt stillingar knytt til skole og utdanning i 20 år, først i undervisningsstilling i Aukra kommune og seinare som rådgivar ved Statens utdanningskontor og utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Han vart tilsett i stilling som assisterande rektor ved Romsdal videregående skole hausten 2007. Frå november 2009 har han vore konstituert i stilling som rektor ved skolen.

Bilete av Rød i originalformat kan lastast ned her.